Gå til sidens hovedinnhold

- Vi må i botnen før ting snur. Og der er vi no

Artikkelen er over 11 år gammel

Harry Mowatt forsiktig optimist, medan andre trur tida fram mot 2010 blir verre enn venta.

Harry Mowatt i Helse Førde-styret meiner dei no har greidd å få meir kontroll på økonomien enn tidlegare.

- Vi må gjerne i botn før ting snur, og der er vi no, seier Mowatt under styremøtet i Helse Førde som går føre seg i Førde onsdag.

Men det skal kuttast mange millionar i helseføretaket.

I november månad gjorde Helse Førde det desidert dårlegaste av alle, slo Helge Bryne, viseadm. direktør i Helse Vest fast.

- Denne saka streker under den krevjande situasjonen vi er i, seier Anni Felde i styret.

- Først ser vi at vi kan komme oss under 55.millionar, men så blir eg litt tilbakesatt når eg les prognosane, seier Felde.

- Risikoen for avvik er mindre enn 10.millionar.Dette er mykje pengar når vi skal komme oss under 55 millionar, meiner ho.

Styret omtaler budsjettet for 2010 som veldig skjørt.

- Det ser ut til at det blir verre mot 2012 enn det som vi har som grunnlag, meiner Felde.