Vevring-jubel etter gruve-nei

Arne Underlid og Ole Erik Thingnes er ikkje overraska, men i godt humør etter at meldinga frå Miljøverndepartementet kom. Arkivfoto

Arne Underlid og Ole Erik Thingnes er ikkje overraska, men i godt humør etter at meldinga frå Miljøverndepartementet kom. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Akkurat no er det betre stemning i Vevring enn det har vore på lenge, seier Ole Erik Thingnes.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Tidlegare i dag vart det kjend at Miljøverndepartementet ikkje kan godkjenne reguleringsplanen for gruveprosjektet i Engebø.

Les også: Godkjenner ikkje gruveplanar no

– Akkurat no er det betre stemning i Vevring enn det har vore på lenge. Vi har tidlegare følt at vi ikkje er blitt tekne på alvor og at dei har prioritert arbeidsplassar og økonomi føre folk og miljø. No føler vi at vi er blitt høyrt, seier gruvemotstandar og gruppeleiar i Naustdal SV, Ole Erik Thingnes.

Fleire innbyggarar samla seg i dag på nærbutikken i Vevring etter at beskjeden om utsetjing kom.

– God stemning

– Det har samla seg ein del folk her og det er god stemning. Eg er i lag med mange andre veldig glad for dette vedtaket, fortel Arne Underlid i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe.

Han var ikkje overraska over at dette skulle vere svaret frå departementet.

– Dei faglege tilrådingane var så sterke at dei ikkje kunne sjå vekk ifrå dei. Hadde det skjedd noko anna hadde eg mista tiltrua til norsk miljøpolitikk. Ja-sida har ikkje teke innover seg det svake kunnskapsgrunnlaget som deponiet er basert på, det burde dei kanskje gjere, seier Underlid.

Har trua på systemet

Sidan arbeidet med utgreiingane av gruvedrift i Engebøfjellet starta har dei to jobba mot eit fjorddeponi, det har ikkje berre vore oppturar.

– Eg har likevel vore rimeleg påståeleg på at dei ikkje kunne lande på noko anna, det ville i tilfelle skuffa meg kraftig. Eg har framleis trua på systemet. Vi har vel fått synet vårt fram og har alltid sagt at det må utgreiast meir og vi må vite kva konsekvensar dette kan få. Difor er dette ein førebels siger, seier Ole Erik Thingnes.

Artikkeltags