-Vestlendingane vil kuppe nynorsken

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Forslaget om å flytte Nynorsk Pressekontor til Førde, er eit forsøk frå vestlendingane på å kuppe nynorsken. Det meiner språkvitaren Roger Lockertsen.

DEL

Sterkt provosert av flytteutspel

Han uttaler seg til NPK sine nettsider, der han seier seg djupt usamd i forslaget frå Arve Sandal om å flytte byrået ut av Oslo. Lockertsen er 1. amanuensis i Nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger, og tidlegare styreleiar for NPK.

-Det er få ting som provoserer meg meir enn når vestlendingar vil gjere nynorsken til eit vestlandsspråk. Det er så politisk uklokt som det går an. Det er ikkje så få av oss, nordlendingar, trønderar og austlendingar, som brukar nynorsk og aktar å halde fram med det, seier han til NPK.

-Lokal næringspolitikk

Han minner om at mandatet til NPK frå starten har vore å lage stoff frå heile landet, for heile landet. NPK vart oppretta ved ei direkte løyving over statsbudsjettet i 1969. Byrået skulle levere stoff til alle typar nynorskaviser, og vere ei motvekt til dei mange pressebyråa som leverer stoff på bokmål.

-Det er ikkje første gong det dukkar opp framlegg om å flytte Nynorsk Pressekontor. Det som kjenneteiknar desse utspela, synest eg er ein dårleg skjult overordna lokal- og til dels personleg næringspolitikk, seier Lockertsen.

Arve Sandal, tidlegare redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, meiner at NPK vil høyre naturleg heime i det sterke nynorske mediemiljøet i Førde, med NRK, Nynorsk Mediesenter og landets største nynorskavis, Firda. Men forslaget fekk i går inga begeistra mottaking av NPK sine eigne folk.

-Må vere nær makta

Hallvard Julseth frå Høyanger, noverande styreleiar for NPK, legg vekt på at byrået bør vere i nærleiken av dei sentrale styringsorgana, for å kunne levere riksstoff til nynorskaviser i heile landet. Dessutan ser han det som eit viktig poeng å markere nynorskens sak i hovudstaden.

-Ein flyttar jo ikkje Det Norske Teatret til Førde, fordi om Førde er midt i eit nynorsk kjerneområde. Vi treng å synleggjere nynorsken på nasjonalt plan, seier Julseth.

Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk Kultursenter i Aasentunet, er meir uroa over at NPK ikkje er oftare til stades på viktige hendingar utanfor Oslo.

-NPK var ikkje på plass då Nynorsk Mediesenter opna i Førde tidlegare i år. Byrået har heller ikkje vitja Dei Nynorske Festspela sidan 2000. Dette er eit dårleg teikn, meiner Grepstad.

-Eg saknar meir kritisk og oppsøkjande journalistikk om nynorsksaka, sjølv om dette ikkje er den einaste stofftypen NPK leverer. Men viss ikkje dei skal vere ekspertar på dette fagfeltet, kven då? undrar han.

Grepstad etterlyser fornying av NPK, og meiner at flytting til Førde er eit viktig innspel som bør vurderast seriøst av styret og eigarane. NPK er eigd av Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen.

Artikkeltags