Veronica er identifisert

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

- Vi har fått bekrefta at det var Veronica Heggheim Stegegjerdet som vart funnen død fredag. Dei pårørende er informert, seier fungerande lensmann i Sogndal, Asle Karoliussen til NTB.

Politiet held fram med etterforskinga, men vil framleis ikkje kommentere om det har hendt noko kriminelt. Til nrk.no seier Karoliussen at:

– Det er ikkje riktig å kommentere enkelte delar av etterforskinga. Verken det som er gjort tidleg, det som no er gjort med obduksjon eller det som kjem framover.

Stegegjerdet var sakna sidan laurdag 25. oktober. Det vart brukt store ressursar på å leite etter ho. Både ubåt, hundar og helikopter vart sett inn i leiteaksjonen, før ho vart funnen i Barnesfjorden på fredag.

Artikkeltags