Verneverdiar står på spel

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Fylkesmannen set foten ned for Haukedals-kraftverk

DEL

Fylkesmannen meiner at det i deler av Gaularvassdraget er bygt ut så mange kraftverk, at det er i ferd med å gå ut over vassdraget sine kvalitetar som verna vassdrag.

Nei til Hårklau

Fylkesmannen set no foten ned for Hårklau minikraftverk på nordsida av Haukedalsvatnet.

– Utbygging er konfliktfull i høve landskap og inngrepsfrie område. Utbygginga vil vere negativ for Gaularvassdraget som verna vassdrag og som type- og referansevassdrag, skriv han i tilråding til Norges vassdrags- og energiverk (NVE).

Vil ha utbyggingsplan

– Dette betyr ikkje at vi ser bom for nye kraftverkprosjekt i Gaularvassdraget, men vi etterlyser ein meir samanhengande utbyggingsplan, seier assisterande fylkesmiljøsjef Gøsta Hagenlund.

Bit for bit

Han viser til at det, spesielt i Haukedalen, har blitt mange kraftverk. I innøpselvane

Til Haukedaslvatnet er det bygd ut eller gitt konsesjonsfritak for 10 vasskraftverk.

– Det har vore ein bit for bit – utbyggingar verknadene i sum i mindre grad har blitt vektlagde, seier Hagenlund.

Vern om Gaula

Gaularvassdraget vart verna etter ein av dei mest opprivande vernestridane i Norge. No meiner fylkesmannen vassdraget er i ferd med å misse delar av kvalitetane som vernet skulle sikre.

Artikkeltags