Ventar på ulykkesrapport

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet veit enno ikkje kva som er årsaka til trafikkulykka der ein 44- åring blei alvorleg skadd onsdag.

For tidleg å konkludere

Ulykka skjedde ved Slåtten mellom Eikås og Vassenden der to køyretøy krasja like før 14.00 onsdag ettermiddag. Den skadde sat fastklemt i vraket i tre kvarter då bilen han førte kolliderte med ein semitrailer.

Alvorleg skadd

Mannen blei frakta til Førde sentralsjukehus før han blei sendt vidare til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden til 44- åringen fredag var alvorleg skadd. Kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland seier dei ikkje kan gi fleire oppdateringar om mannen sin tilstand. Dette er fordi dei har prosedyre på å gi media berre eì oppdatering i slike saker.

Statens vegvesen si trafikkulykkesgruppe har vore på staden etter ulykka og undersøkt dei involverte køyretøya, vegen og tilhøva.

Denne rapporten ventar Knut B. Skurtveit, lensmann i Jølster, på.

- Eg kan ikkje seie noko om årsaka til ulykka før eg har fått den, seier lensmannen.

Avhøyr av sjåførane

Politiet har gjort fleire vitneavhøyr, men har enno ikkje formelt avhøyrt sjåføren i semitraileren.

– Men dette blir gjort rimeleg kjapt, seier Skurtveit, som også har vore i kontakt med og snakka med den skadde 44- åringen.

Heller ikkje her er det gjort formelle avhøyr enno.

Skurtveit seier dei vil ha rapporten og avhøyra klare før dei kan konkludere i saka.

Artikkeltags