Gå til sidens hovedinnhold

Venta 23 timar på operasjon

Artikkelen er over 12 år gammel

84-åring kunne ha blitt operert på Eid. Vart send til Førde.

- Trass i at innskrivande lege bad om at operasjonen burde utførast på Nordfjord sjukehus, vart vår mor køyrt til Førde Sentralsjukehus for at inngrepet skulle gjerast der. Her måtte ho vente til dagen etter på operasjon, fortel Stein og Marianne Salveson til Fjordabladet .

– Overfor ei 84 år gammal alderdomssvekka dame med store smerter, er dette både ei uforsvarleg og uverdig behandling, meiner dei.

Mor deira braut lårhalsen torsdag ettermiddag i førre veke, og vart køyrt i ambulanse til Førde sentralsjukehus for å opererast der.

Fallulykke

Kvinna skal ha brote lårhalsen då ho fall. Ifølgje borna tilviste kommunelegen henne til Nordfjord sjukehus, der ho vart utgreidd og diagnostisert.

– Innskrivande lege bad i tilvisinga om at mor måtte bli operert på lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Men på grunn av dei nye rutinane i Helse Førde, som seier at ØH-pasientar som treng anestesi ut over lokalbedøving skal til Sentralsjukehuset, måtte mor fraktast til Sentralsjukehuset i Førde for operasjon. Vi vart førespegla operasjon same dag, men det skulle ikkje bli tilfelle, seier Stein og Marianne Salveson.

Tid viktig

Marianne Salveson er oppteken av at mor hennar kunne blitt operert på eit tidleg tidspunkt.

– Mor hadde berre ete ei halv brødskive til frukost. Ho var bortimot fastande, og ein kunne av den grunn sleppe å vente dei obligatoriske timane. Tid er viktig når eldre personar bryt lårhalsen. Mykje bruk av smertestillande fører til dårlegare respirasjon og aukande risiko for luftvegsinfeksjonar/lungebetennelse. Lårhalsbrot fører ofte til blødingar og ventar ein for lenge kan også risikoen for blodpropp auke, seier ho.

Vil klage

Stein og Marianne Salvesen meiner at ein påfører eldre og sjuke pasientar store unødvendige lidingar på grunn av eit styrevedtak som ikkje på nokon måte er fagleg grunngjeve.

– Sjølv om vi protesterte på det sterkaste, vart mor sendt til Sentralsjukehuset for operasjon. Vi meinte bestemt at ein slik tur ville påføre henne unødige lidingar. Vi veit at Nordfjord sjukehus har dei fremste ortopedane i Helse Førde, og at dei kunne utført inngrepet rimeleg raskt. Alle vi var i kontakt med på Nordfjord sjukehus gav klart uttrykk for at dei gjerne skulle sett at dei kunne gjort inngrepet på huset, men på grunn av eit stivbeint regelverk kunne dei ikkje gjere det, seier Stein og Marianne Salveson til Fjordabladet.

Dei er heller ikkje er imponert over informasjonen som vart gjeve til pårørande på Sentralsjukehuset.

Dei pårørande varslar at dei kjem til å sende klage til fylkeslegen og pasientombodet.