Venstre byr opp til kamp i deponisaka

DEPONI-NEI: - Deponisaka er svært viktig for Venstre, seier Sveinung Rotevatn.

DEPONI-NEI: - Deponisaka er svært viktig for Venstre, seier Sveinung Rotevatn. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Rotevatn: – Høgre og Frp veit kor viktig det er for oss å få miljøgjennomslag.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Regjeringspartia Høgre og Frp kjem til å bli kraftig utfordra av støttepartiet Venstre, i dragkampen om gruveselskapet Nordic Mining AS skal få godkjent fjorddeponiet i Førdefjorden.

Det varslar Venstres stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Saman med partifelle og leiar i Stortingets energi- og miljøkomite, Ola Elvestuen, er han i ettermiddag på synfaring ved Engebøfjellet, der gruveselskapet vil vinne ut mineralet rutil, og planlegg å dumpe enorme mengder overskotsmasse i fjorden over ein periode på femti år.

Markering

Under dagens besøk er det lagt opp til synfaring og båttur på fjorden, det blir markering på kaia i Vevring med representantar for Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, oppdrettsnæringa og villaksforvaltninga til stades, og det blir internt møte der Venstre og aksjonistar skal snakke om korleis dei kan samarbeide vidare i deponisaka.

Ambisjonen: Stogge deponiet

Sveinung Rotevatn legg ikkje skjul på at det er Venstres klare ambisjon å stogge fjorddeponiet som regjeringspartia Høgre og Frp begge er klart for.

– Vi står på vårt nei. I denne saka inntek vi ei “føre var”-haldning, og eg har ikkje sett noko som gir oss grunn til å endre standpunkt, seier Rotevatn til Firda.

– Vi er ikkje mot mineralutvinning. Men vinsten gruvedrifta vil gi, forsvarar ikkje risikoen ein påfører ein nasjonal laksefjord, seier han.

Hardt mot hardt?

På spørsmål om støttepartiet Venstre vil stille ultimatum til regjeringspartia i denne saka, svarar Rotevatn:

– Vi er i eit borgarleg samarbeid der vi ikkje stiller ultimatum før vi forhandlar. Slik gjekk vi fram også i saka om oljeboring i Lofoten/Vesterålen, og i den saka fekk vi utteljing. Fjorddeponisaka i Førdefjorden er ei svært viktig sak for Venstre, og er ei av dei fremste miljøsakene i Norge i dag. Høgre og Frp veit nok kor avgjerande det er for Venstre å få miljøgjennomslag, om vi skal halde fram med å støtte den borgarlege regjeringa.

Artikkeltags