Veninner skremde då dei fann spor i turløype

Dette sporet vart oppdaga på Lunde i Gaular onsdag kveld. Først vart det slått fast at det er eit bjørnespor, men no meiner ekspert det er god grunn til å tvile.

Dette sporet vart oppdaga på Lunde i Gaular onsdag kveld. Først vart det slått fast at det er eit bjørnespor, men no meiner ekspert det er god grunn til å tvile. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Vibeke Madsgård Kårstad og venninna Helen Farsund gjekk si faste turløype på Lunde i Gaular, då dei onsdag kveld kom over ferske bjørnespor.

DEL

- Eg tenkte: Å herregud. Vi vart rett og slett livredde.

- Spora gjekk i retning skogsvegen på Nos over høgda mot Bygstad. Dei må ha komme etter søndag, for då deltok heile bygda på naturstivandring i same området, utan at det var spor å sjå, fortel Madsgård Kårstad, til firda.no seint onsdag kveld.

- Fælt å tenkje på

Ho tykkjer det er skremmande å tenkje på at ein bjørn kan gå laus der gardsbruka ligg som perler på ei snor i området Myrmel - Nos - Lunde, berre eit par mil frå Førde sentrum.

- For å seie det slik, vi tok raskaste løype tilbake til hovudvegen. Det er fælt å tenkje på. Naboen har sauer ute på beite, og her er born, seier Madsgård Kårstad som sjølv driv med storfe.

Og etter å ha fått sett bilete av bjørnespora som Vibeke Madsgård Kårstad fotograferte onsdag kveld, er ikkje Finn Olav Myhren i tvil.

Slår fast at det er bjørn

- Dette er bjørnespor, fastslår leiaren av fellingslaget som onsdag starta jakta på bjørnen i Sunnfjord, etter at Fylkesmannen gav fellingsløyve.

Etter at firda.no fortalte han om funnet, tok han sjølv kontakt med Madsgård Kårstad som målte lengda på spora. Myhren ville alt onsdag kveld rykkje ut for å ta funnet i sjølvsyn.

Fann nytt kadaver

Tidlegare på kvelden kom Myhren og fellingslaget over nok eit sauekadaver drepe av bjørn på Viksdalen lenger aust i Gaular kommune.

- Kadaveret vart funne på Hetlestøylen. Det har truleg vorte teke av dage samstundes som sauene som vart funne tidlegare i veka, men dette vart først funne i sju-åttetida onsdag kveld fortel Myhren.

Torsdag held jakta på det som truleg er ein ungbjørn fram i Sunnfjord.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags