Då Vemund Eldegard var 15 år, fann han ikkje hudpleieprodukt som han var nøgd med. No, i ein alder av 17, lanserer han sin eigen hudpleiekolleksjon.
– Det begynte med at eg ikkje ville bruke dei hudpleieprodukta som finst på marknaden, fordi dei brukar så mange syntetiske ingrediensar. Eg ønskte meg noko som var naturleg, organisk og økologisk framstilt, fortel Vemund, mens han stiller opp glasflasker med mystiske ingrediensar på kjøkkenbenken.
Skjønt, det er jo akkurat mystiske dei ikkje er. Alt han brukar er heilt naturlege oljar, utvunne og destillert av naturlege råvarer. I dag skal han blande ein ansiktsolje han har kalla «Pure Moisture Complex».
– Det er ein ansiktsolje som skal hydrere huda, og gjere det på ein naturleg måte. Den brukar dei sporstoffa som er i naturlege oljar til å pleie huda. Den balanserer huda, den gir huda meir glød, ein ser betre ut. Eg elskar ansiktsolje!
Med ein rosa spatel rører han saman ingrediensane. I lyset frå kjøkkenglaset gløder blandinga mørkt gyllent, det ser riktig så vakkert ut. Han heller det over på elegante, små glasflasker med dropeteljar-kork, og vips, så er to små flasker «Elde Pure Moisture Complex» ferdige.
Eigen kolleksjon
Det har tatt han halvtanna år å komme dit han er no.
– Eg begynte å søke på nettet og leite etter noko eg kunne bruke som erstatning for det som finst på marknaden. Det første eg laga sjølv var at eg kjøpte nokre eteriske oljar som eg blanda i ein elles nøytral hudkrem. Så fann eg fleire oppskrifter, og kjøpte inn meir og meir, fortel Vemund.
Og no lanserer han altså sin eigen kolleksjon.
Rusta 2b i Førde, ein tidleg junikveld:
Ein lett nervøs, men samstundes imponerande trygg 17 år gammal gut held vernissage i heimen til foreldra. Dei er jaga på dør, og stova og kjøkkenet smakfullt ominnreidd og pynta til lanseringsparty.
I smakfulle små stablar her og der står flakongar, krukker og flasker, stilig og delikat merkte med Vemund si eiga merkevare: «Elde».
– Det synest eg var eit kort og fint namn. Og så er det jo første lekk i etternamnet mitt, Eldegard.
– Så dette er hudkremen for folk som vil «Eldast»?
– Ha ha, ja eg har fått nokre vitsar om det, hudkrem for Eldre og sånn. Men eg synest det er eit fint namn.
Betre hud
Verdsvan og smilande står Vemund og tek imot eit titals 17-18 år gamle jenter, stivpynta og stilige, klare for ei storhending. Vemund byr på lekker småsnacks, te og forfriskingar.
Dei unge damene rundt bordet er i alle fall veldig nøgde med det Vemund har laga:
– Det Vemund lagar, kan måle seg med kva som helst av det du får kjøpt, seier Charlotte Marie Hjelmeland.
– Eg var plaga med kviser, og etter at eg begynte å bruke Vemund sin andletskrem, er problemet blitt mindre, seier Vilde Seljeseth.
Liv Einemo sit med ansiktet kvitt av ansiktsmaske, og ho let vel:
– Eg er stolt av Vemund. Det har vore ein veldig lang veg å gå. Han begynte heilt frå botn av, og no kan du sjå kva han har fått til.
Framtidsplanane
Så langt har Vemund selt produkta sine til vener og kjende, pluss at han har si eiga heimeside.
– Og så har eg fått avtale med gjenbruksbutikken Om Att her i Førde, om å selje varene mine der. Eg synest det passar veldig godt. Dei har ein filosofi som liknar veldig på min, om ressursvennleg handel, økologisk og at mest mogleg skal vere handla fair trade.
Hanne Schnitler på Om Att trur Vemund kan ha funne ein fin nisje i marknaden:
– Fleire og fleire er opptekne av å kjøpe produkt laga av naturlege ingrediensar. Dei interesserer seg for kva ting inneheld, miljøgifter som paraben og andre tilsetjingsstoff. Det har vore vanskeleg å finne hudpleieprodukt som ikkje er tilsett slike stoff, så der trur eg Vemund kan vere inne på noko, seier Schnitler.
17-åringen går andre året på media og kommunikasjon, men du skal berre sjå han endar opp som kosmetikkfabrikant:
– Framtida? Eg håpar Elde blir meir og meir populært, at eg får lage fleire og fleire produkt, at eg får ny emballasje, at det blir sjåande betre ut. Eg har verkeleg lyst til å jobbe med dette. Planen er vel eigentleg ikkje meir innvikla enn det.