Veljarstraum til Høgre

GODE TAL: Erna Solberg har valvinden i ryggen på landsplan. Den bles for tida også Høgres veg i Bjørn Lødemel og Eva Marie Halvorsen (t.v.) sitt heimfylke.

GODE TAL: Erna Solberg har valvinden i ryggen på landsplan. Den bles for tida også Høgres veg i Bjørn Lødemel og Eva Marie Halvorsen (t.v.) sitt heimfylke. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Går fram med ti prosentpoeng, og er blitt fylkets nest største parti.

DEL

Uvanleg mange veljarar er usikre, men blant dei som har bestemt seg strøymer mange til Høgre.

Det viser eit partibarometer Sentio AS har gjort for Firda, Sogn Avis og Firdaposten. I undersøkinga, som er teken opp i dagane 1.–4. mars, er 500 personar spurde om kva parti dei ville røysta på, om det var fylkestingsval.

Større enn Ap

Målinga gir Høgre ein oppslutnad på 22,0 prosent, som er 10,4 prosentpoeng over valresultatet i 2007.

Senterpartiet held stillinga som fylkets største parti, med ein oppslutnad på 23,9 prosent. Dette er 5,1 prosentpoeng under valresultatet for fire år sidan.

Mest tilbake

Arbeidarpartiet går 7,9 prosentpoeng tilbake, til ein oppslutnad på 20,3 prosent.

Frp – som ofte ligg høgt på partibarometera tidleg i valåra – kjem ut med ein oppslutnad på 12,6 prosent, 3,1 prosentpoeng over resultatet i 2007.

For dei andre partia er det berre mindre endringar.

Ventar – eller heimesitjarar?

Målinga fortel at heile 41 prosent av dei spurde ikkje har bestemt seg for kva parti dei kan tenkje seg å røyste på. Dette er ein langt større del usikre enn det som har vore vanleg.

Mandatfordelinga

Styrkefordelinga i denne meiningsmålinga ville gitt følgjande samansetjing i fylkestinget:

Sp: 10 representantar (– 1)

H: 9 representantar (+ 5)

Ap: 8 representantar (– 3)

Frp: 5 representantar (+ 1)

KrF: 3 representantar (–)

V: 2 representantar (– 1)

SV: 2 representantar (–)

Artikkeltags