Ved midnatt startar Gunnar og venene jakta på verdsrekorden

Gunnar Garfors er ute på ny reise. Denne gongen går han og venene for verdsrekord.

Gunnar Garfors er ute på ny reise. Denne gongen går han og venene for verdsrekord. (Foto: )

– Vi har 24 timar på oss. Ein kan heilt klart kalle det galskap.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Eg trur absolutt det er realistisk å klare det, seier Gunnar Garfors. Ved midnatt startar han på rekordforsøket: 20 land på 24 timar, og med seg på reisefølget har han Naustdal-politikar Øystein Djupvik og Tay-young Tak.

– Den førre rekorden er på 17 land, men eg trur vi skal klare å slå den med god margin, seier Garfors optimistisk før rekordforsøket.

– Galskap

Men sjølv om optimismen rår i gjengen, så innrømmer Garfors, som mellom anna er einaste nordmann som har vitja alle verdas land, at planen er noko spesiell.

– Ein kan heilt klart kalle det galskap, men det er moro òg. Mange brenn inne med ein draum, men det skal ikkje vi gjere med denne, seier han og får støtte frå Djupvik.

Les også: Fem kontinent på ein dag - no er han i Guinness rekordbok

– Ein må ha litt action i livet. Turen har vore planlagt ganske lenge, og no har vi eit opplegg vi trur held vatn. Vi har nokre milepælar og kritiske punkt som vi er nøydde til å nå undervegs, men det er absolutt realistisk å gjennomføre dette på 24 timar, seier politikaren.

Og for den som vurderer å byte ut årets chartertur med noko meir eksotisk, kan Djupvik avsløre at verdsrekordforsøket ikkje er kostbart.

– Den dyraste delen av turen for min del, var faktisk å komme seg frå Førde til Oslo. Resten av turen, som for det meste vil gå føre seg i bil, kostar ikkje mange tusenlappane, fortel Djupvik.

Tøff avslutning

Kravet for å få godkjent besøk i kvart land, er at ein må stå på landjorda i landet ein er innom. Garfors fortel at dei i tillegg har med seg GPS-sporing som folk kan følge på heimesida hans. Og ifølgje den reiselystne naustedølen er det duka for ein spennande torsdag kveld.

Les også: No har Gunnar (37) sett heile verda

– Då pushar vi så langt det går. Om vi når heilt i mål, så skal rekorden vere vanskeleg å slå, med mindre ein køyrer privatfly, seier Garfors, og legg til at dei siktar seg inn på 20 land i løpet av dei 24 timane reisa skal gå føre seg. Men han vil ikkje avsløre meir enn dei ti første på førehand: Nederland, Belgia, Luxembourg, Tyskland, Frankrike, Liechtenstein, Sveits, Italia, Austerrike, Ungarn.

– Vi har sett på sikkert 100 ulike reiseruter for å få dette til, så det ligg mykje planlegging bak. Det skal vere mogleg, men det er klart at vi må ha marginane med oss. Går vi tomme for drivstoff eller får ein punktering, så går tida fort, seier ein ivrig Garfors før avreise.

Artikkeltags