Våt og valdeleg natt i fylket

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet i fylket fekk mykje å gjere i løpet av natta:

Like før halv eitt måtte politiet i Sogndal køyre heim ei rusa kvinne i slutten av 20- åra.

Også i Florø sentrum måtte politiet trå til og køyre ein rusa ungdom i slutten av tenåra heim att frå eit arrangement.

Slåstkampar

Politiet i Vik måtte rykke ut til ein utestad i bygda etter at det kom melding om ein slåstkamp. To menn i 30- åra er politimeld etter hendinga.

I Sogndal blei ein mann i 20- åra vist vekk frå sentrum grunna uro. Han blir meldt av politiet.

I Førde måtte politiet rykke ut til ein bustad på grunn av bråk mellom tre menn i 30- åra. Ein av personane fekk medisin tilsyn. Saka blir politimeldt.

Nekta å fjerne seg frå sentrum

I Stryn måtte politiet ta hand om ein mann i 20- åra etter at han nekta å fjerne seg frå sentrum, trass i pålegg frå politiet. Mannen fekk sove ut rusen nokre timar før han blei dimittert. Det blir oppretta sak.

Kasta stein mot bibliotek

Like etter halv eitt kom det melding om skadeverk på biblioteket i Måløy. Ein person har knust ei rute og politiet ber om tips frå publikum

Saka vert følgd opp av Vågsøy lensmannskontor.

Artikkeltags