Vårvarme ved fjorden, såpeglatt langs elva

GLATT: E39 hadde fått eit tynt islag, der bilen køyrde utfor ved Eikås. Men allereie nede ved Movika var minusgradene snudd til sju plussgrader.

GLATT: E39 hadde fått eit tynt islag, der bilen køyrde utfor ved Eikås. Men allereie nede ved Movika var minusgradene snudd til sju plussgrader. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ni grader temperaturskilnad, då bil køyrde utfor vegen.

DEL

Bilen fekk hard medfart, men bilføraren ser ut til å ha kome frå det utan fysiske mein, etter utforkøyringa ved Eikås i Jølster i morgontimane måndag. Føraren, som var åleine i bilen, køyrde i retning Førde, då bilen kom ut av kontroll. Bilen følgde først grøfta eit stykke, og skar så over vegen og ned i ein hage.

Politiet seier det ikkje er mistanke om promillekøyring, men føraren av bilen er teken med til sjukehus for rutinemessig blodprøvetaking, og førarkortet er mellombels kverrsett.

15 kilometer - ni grader skilnad

Årsaka til utforkøyringa er så langt ikkje slegen fast, men det er eit faktum at vegen var svært glatt på staden då utforkøyringa skjedde, og at temperaturskilnadane langs E39 var store. Ein times tid etter, viste termometeret i Firdas reportasjebil 7,5 varmegrader i Førde sentrum, sju varmegrader i Movika, og minus 1,5 grader på Eikås, der bilen køyrde utfor. Avstanden mellom Førde sentrum og Eikås er omlag 15 kilometer.

Glatt

Vegbanen der bilen køyrde utfor var svært glatt. Ein grunn til dette kan vere frostrøyk frå elva nedanfor staden.

Polti, brannvern og ambulanse rykte alle ut, då utforkøyringa vart varsla, og kunne etterpå slå fast at det heldigvis berre såg ut til å handle om materielle skadar.

Politiet har ikkje fått melding om at glatt vegbane har skapt problem andre stadar i morgontimane.

Artikkeltags