Gå til sidens hovedinnhold

Vart nekta paracet

Artikkelen er over 8 år gammel

Mor gjekk på butikken for å kjøpe smertestillande til sonen som hadde øyrebetennelse. Det fekk ho ikkje lov til.

- Heilt utruleg at det går an, seier Natalie Nedrebø. Då ho onsdag kom til kassen på Rema 1000 i Elvetorget, fekk ho ikkje kjøpe stikkpiller til sonen Adrian som hadde feber og øyrebetennelse. Grunnen var at ho var under 18 år (17 år og ti månader).

Beskjed frå legen

Nedrebø hadde tidlegare onsdag vore hos legen, der ho fekk beskjed om at sonen hadde øyrebetennelse. Her fekk ho penicillin og beskjed om å kjøpe paracet for å få ned feberen.

- Eg hadde med meg Adrian på butikken, og sa han var sjuk, men eg fekk ikkje kjøpe stikkpillene til han likevel. Det er ikkje dei i kassa sin feil, dei gjer berre jobben sin, men eg stiller eit spørsmålsteikn ved regelverket, seier mora, som etterspør lågare aldersgrense for å få kjøpe smertestillande i butikk.

Far til Adrian, Martin Einevoll, forstår heller ikkje kvifor sambuaren vart nekta å kjøpe medisin til sonen.

- Eg forstår det ikkje. Det er vel ikkje akkurat stikkpiller folk rusar seg på, så eg kan ikkje forstå at det skal vere difor dei har 18 års grense på det, seier Einevoll.

Bestemor redda dagen

Med ein liten gut med feber, men utan stikkpiller, måtte Natalie dra heim att til leilegheita i Førde.

- Eg vart litt oppgitt når ho kom att utan febernedsettande til Adrian. Det var sånn at eg ikkje trudde på det med det same, seier Einevoll.

Men då kvelden som verst såg ut til å bli prega av sjukdom, ordna bestemora til Adrian opp.

- Eg ringde mamma og fekk ho til å kjøpe paracet for meg. Ho berre lo då eg sa at eg var for ung til å kjøpe, fortel Nedrebø, og legg til at ho tidlegare ikkje har hatt noko problem med å få tak i smertestillande på butikken. No stiller ho spørsmålsteikn ved om aldersgrensa gjer det ulovleg for mora å kjøpe medisinen og gi han vidare.

- Er det langing når nokon kjøper paracet til deg fordi du ikkje er gammal nok til å kjøpe det sjølv, spør Nedrebø. Også far til Adrian stiller spørsmålsteikn ved ordninga.

- Det er jo ikkje lov å kjøpe alkohol til folk under 18, så ifølgje regelverket vil eg tru dette er ulovleg òg, seier Einevoll.

Personalet er årsaka

- I motsetning til i apoteka har ein ikkje nokon i butikkane som kan fungere som rådgjevande. Dette er grunnen til at ein har sett ei aldersgrense på 18 år.

Det seier overlege ved Statens Legemiddelverk, Sigurd Hortemo. Han forstår at ordninga kan vere frustrerande i tilfelle som det Nedrebø har opplevd, men meiner ordninga stort sett fungerer godt. Det er ifølgje Hortemo heller ingen planar om å endre på ordninga.

- Ein ønskjer at det er vaksne som kjøper i og med at det ikkje er rådgjevande personell til stades, seier Hortemo.