Vart kasta frå veranda

Den triste historia til katten Molly har fått folk til å gi pengar for at ho skal få operasjon etter å ha blitt kasta frå verandaen.

Den triste historia til katten Molly har fått folk til å gi pengar for at ho skal få operasjon etter å ha blitt kasta frå verandaen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

No betaler folk over heile landet for å gi Molly kostbar operasjon

DEL

Den triste historia til katten Molly frå Nordfjord har engasjert dyrevenner over heile Norge etter at to personar observerte eigaren i det han kasta katten ut frå verandaen.

Ifølgje Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, vart det tidleg konstatert at katten hadde fått skader. Ein veterinær sa at katten hadde fått hofta ut av ledd. Molly hadde fire ungar, men ifølgje eigaren er desse avliva.

Kostbar operasjon

Dei to personane tok vare på katten og kontakta Dyrebeskyttelsen denne veka.

På grunn av skaden katten fekk, får Dyrebeskyttelsen ei rekning på minst 5000 kroner for operasjonen. I tillegg vil det koste mykje med oppfølging i etterkant, opplyser Bettina Caroline Astor i Dyrebeskyttelsen i ein e-post til Firda.

Har fått inn 15.000 kroner

- Dette er mykje pengar for ein liten og frivillig organisasjon som Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane. Dyrebeskyttelsen la denne historia ut på Facebook, og ba om økonomisk støtte for å kunne hjelpe denne katten, dette resulterte i eit stort engasjement, både lokalt og nasjonalt, og i løpet av eitt døgn kom det inn kr. 15.000,- frå personer som engasjerer seg. Dette sikrar at katten Molly får operasjon, og muligheten for eit godt liv vidare, skriv ho.

På Facebook-gruppa "Katten, bruk og kast" har folk vist omtanke for Molly. Og på Facebook-sida til Dyrebeskyttelsen Norge har saka fått 140 kommentarar. Fleire har sett inn pengar for å gje katten operasjon.

Folk er sinte

"Takk og pris at det finnes så mange snille mennesker, både de som gir og de som opererer. Dere er engler på jorda. Håper lille Molly-venn for et langt godt liv. Har selv mottatt en pus fra Dyrebeskyttelsen for 2 år siden. Var lagt i en eske sammen med sin bror, ute i kulda, 20 grader, på en øde byggeplass, for å dø. I dag er de store fine kastrerte gutter." Skriv Solbjørg H. Olsen.

Folk er også skaka over at nokon kan kaste ein katt ut frå verandaen:

"Fy søren, at det går an! Håper det går bra med Molly og at hun får et godt hjem! ? OG - at jævelen som står bak det der blir anmeldt og straffet!" skriv Eirin Jøssund.

Dyrebeskyttelsen i fylket vurderer no å melde saka til politiet.

Artikkeltags