Vart årets matprodusent

FEKK PRIS: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes overrekker pris-diplomet til (f.v.) Oddvar Åsnes, Kjartan Åsnes og Ole Jakob Nedrebø.

FEKK PRIS: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes overrekker pris-diplomet til (f.v.) Oddvar Åsnes, Kjartan Åsnes og Ole Jakob Nedrebø. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Samdrift i Fjaler heidra under landbrukstilstelling i kveld.

DEL

Prisen til Årets Matprodusent i Sogn og Fjordane vart i kveld tildelt Straumsnes Mjølk og Kjøt DA i Fjaler under AgroNordVest i Loen.

Topp kvalitet

–Vi har mange gode produsentar i fylket, og det var vanskeleg å skilje mellom dei, sa juryleiar Reiel Felde under utdelinga.

Men etter eit grundig arbeid fann juryen at samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøt DA fyller alle kriterium. Samdrifta har høg yting av mjølk, god tilvekst på kalvane og dei leverer mjølk av topp kvalitet, heiter det i grunngjevinga for prisen på 10.000 kr, som vart overrekt av fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Råvarer

– Det er flott å vinne ein pris som handlar om maten og råvarene som vi produserer. Det er maten som er det viktigaste for oss alle, kvitterte ein rørt Kjartan Åsnes, som tok mot prisen saman med Oddvar Åsnes og Ole Jakob Nedrebø.

Fem år

Samdrifta på Straumsnes vart skipa i 2006, for å utnytte jordbruksareala best mogleg og gi betre høve til ordna arbeidsforhold, fritid og ferie for deltakarane.

Samarbeidspartnarane bygde nytt fjøs i 2006/2007, med plass til totalt 140 dyr.

Mjølkekvoten er på 350 tonn.

Samdrifta har plass til fullt påsett, og slaktar om lag 25 oksar i året, pluss at den sel nokre livdyr.

Straumsnes Mjølk og Kjøt disponerer i dag totalt 870 daa til grovforproduksjon og beite.

Artikkeltags