Varslar om flaum- og skredfare

NVE varslar no om flaum- og skredfare i fylket, samt i Møre og Romsdal.

NVE varslar no om flaum- og skredfare i fylket, samt i Møre og Romsdal. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Fylkesmannen har fått varsel frå NVE/Jordskredsvarlinga om gult nivå for jord- og flomskredfare for delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, grunna mykje regn.

Prognosen viser at ytre delar er mest utsatt, og det ventast vidare mykje regn frå fredag ettermiddag til laurdag midt på dagen. Totalt opp mot 100 millimeter, men nedbørfordelinga og mengda er noko usikker.

Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken vil stige raskt, og bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Det blir difor anbefalt at dreneringsvegar og stikkrenner blir rensa.

Oppdatert informasjon om varselet finn du på http://www.varsom.no/jordskred.

Artikkeltags