Varslar- historie blir bok

Artikkelen er over 6 år gammel

Varsla om psykolog etter at ho fekk psykiske problem av terapien

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

For fleire år sidan gjekk Liv Norunn Ulriksen frå Florø ut og varsla om terapeuten sin Rune Amundsen, dåverande psykolog i kystbyen.

Gjennom terapi tok psykologen klientar tilbake til tidlegare liv. For Ulriksen førte dette henne inn i psykiatrien og det har tatt henne fleire år å komme tilbake til eit normalt liv.

Ulriksen gjekk ut og varsla om Amundsen , noko som til slutt førte til at han blei fråteken lisensen som psykolog og ekskludert frå psykologforeininga.

Les også: Helsetilsynet kritiserer Amundsen

No kjem historia til varslaren frå Florø ut i bokform. Boka er ført i pennen av Kjell Horn.

I boka "Varsleren – viktig og verdig", er Florø-kvinna ei av historiene som kjem fram. Også varslaren sitt rettsvern er eit sentralt tema i boka, melder forfattaren i ei pressemelding.

Artikkeltags