– Kva det vil koste å få anlegget operativt igjen veit ingen akkurat no, men det blir dyrt, seier vaktmeister i Høyangerhallen, Oddvar Borlaug.
Brannen oppstod i ei reidskapsbu like ved fotballbana i Høyanger onsdag morgon. Brannvesenet var på plass klokka 0520 onsdag morgon og lukkast å avgrense skadane. Men rommet der styringsanlegget til fjernvarmeanlegget stod var skadane store.
– Anlegget som styrer undervarmen til kunstgrasbana er totalskadd. Det same er pumpene, og vi veit enno ikkje sikkert om røyra som fører varmt vatn under kunstgrasbana er påført skade, seier Borlaug.
Anlegget er berre i bruk når vinterkulda senkar seg over Høyanger. Difor får brannen ingen kortsiktige konsekvensar. Men om fotballglade høyangringar skal ha fullgod kunstgrasbane i vinter må anlegget på plass.
– No er det opp til teknisk etat å få på plass takseringsfolk og saneringsfirma. Først når dette er gjort har vi full oversikt over skadeomfanget, seier Borlaug.
Han legg ikkje skjul på at skadeomfanget fort kunne vorte større.
– I garasjen i same bygget har vi lagra plenklipparar og traktor, men heldigvis lukkast brannvesenet å avgrense brannen, seier Borlaug.
Høyanger kommune eig både bygget og utstyret.
Onsdag ettermiddag konkluderte politiet med at brannen skuldast teknisk svikt.
– Det ser ut til at brannen har starta i eit sikringsskap, seier lensmannsførstebetjent ved Høyanger lensmannskontor, Arnt Olav Aas.