Vara til Europa-verv

Erling Sande.

Erling Sande. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Erling Sande ønskt som varamedlem for Norge i OSSE.

DEL

Ein valkomité på Stortinget har innstilt vararepresentant på Stortinget, Erling Sande (Sp) frå Bremanger, som varamedlem for Norge i OSSE.

Komiteen har kome med framlegg til kven som skal bli medlemmer og varamedlemmer til Stortingets delegasjon til Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE) si parlamentariske forsamling.

Seks medlemmer
Delegasjonen består av seks medlemmer med personlege varamedlemmer.

Endeleg val til delegasjonen blir gjort av Stortinget det første året i stortingsperioden, og det gjeld for heile perioden.

Med dagens samansetning av Stortinget, vil bremangermannen Sande vere sikra varaplass allereie før saka er kome til avrøysting i nasjonalforsamlinga.

Valkomiteen har dessutan gjort vala sine på grunnlag av dei innkomne framlegg frå partigruppene.

Personleg vara
Erling Sande blir såleis personleg vara for Snorre Serigstad Valen (Sp) for stortingsperioden 2009-2013.

Leiaren for valkomiteen er stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap).

Artikkeltags