Dette skriv aftenposten.no. I går vart bilete frå isgrotta publisert i fleire kanalar, og nyhenda gjekk landet rundt. Funnet til to lokale breførarar frå Jostedalen har vakt oppsikt.

Kanalar av smeltevatn har forma den vel 60 meter lange isgrotta under breen, som Bjørnar Bjørhusdal skildrar som eit katedralliknande rom.

– Fargane går frå intens turkis og kongeblå til blank glasis. Det er blått, blått, blått i alle nyansar, seier breføraren til NRK Sogn og Fjordane.

I vinter skal han ta med seg turistar inn i grotta. Men til Aftenposten seier han at dette naturlege vedunderet truleg vil få eit kort liv.

– Isen forandrar seg heile tida, spesielt når det er varmt. I løpet av sommaren vil isgrotta vere forsvunne. Eg er ikkje sikker på om den overlever til april ein gong, seier han.

Breforskar Atle Nesje støttar teorien til Bjørhusdal. Sommaren 2007 vart dei høge temperaturane nådestøyten for dei populære isgrottene Speilsalen og Blåsalen i Trollheimen.

– Norske isbrear vil bli dramatisk forandra dei kommande åra, dersom klimaprognosane slår til, seier Nesje.