- Uvanleg i Førde

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Vaktmannskap måtte redde ut folk som kom i klem under Sommarfesten.

DEL

- Eg har ikkje sett så mykje av dette her i Førde før, seier Frode Sevaldrud til Firda.

Han var leiar for vaktlaget på 26 personar frå Vest Personell Sikring i Førde under Sommarfesten laurdag.

Mellom 20 og 30 personar kom i klemme under konserten med Dum Dum Boys.

Fleire av vaktene stod oppe på høgtalarar for å plukke ut jenter som trong hjelp og hente ut unge menn som pressa på og laga kvalme blant publikum.

- Det er særleg små jenter som kan bli klemstra og pressa ned, seier Sevaldrud, som fortel at rundt 10 menn tydeleg gjekk inn for å lage uro.

Uromakarane vart også løfta ut av vaktene og fekk beskjed om å roe seg. Ifølgje Sevaldrud roa dei fleste seg, men nokre gjekk inn igjen i folkemengda og heldt fram med å presse.

Nokre av dei som kom i klem vart tekne hand om av Røde Kors sine folk på området.

Artikkeltags