Utfordra dødsfjellet

TOPPEN: Etter 12 dagars blodslit sto Reidar Birkeflet og Jonn Skagen på det høgste fjellet på den vestlege halvkule.

TOPPEN: Etter 12 dagars blodslit sto Reidar Birkeflet og Jonn Skagen på det høgste fjellet på den vestlege halvkule. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Sju av ti må snu. Ni menneske døyr årleg i forsøket. Men Reidar Birkeflet (57) og Jonn Skagen (65) let seg ikkje skremme.

DEL

– Det var etter Kilimanjaro eg begynte å tenke på Aconcagua (6962 moh), seier Jonn Skagen.

Aconcagua blir kalla Dødsfjellet, fordi veldig mange omkjem i forsøket på å komme opp. Fjellet i seg sjølv er kanskje ikkje så vanskeleg å bestige, du kjem opp utan klatring, men den ekstreme høgda og ikkje minst eit lumskt verlag krev kvart år mange liv.

Tredje juledag møtte dei to kameratane frå Sande i Gaular resten av reisefølget på Heathrow flyplass i London.

Turen var arrangert av reisebyrået Kvitserk, og til saman 14 nordmenn var med på ekspedisjonen. 48 000 kroner kosta billetten. Gardermoen - Heathrow- Buenos Aires - Mendoza - Penitentes - Aconcagua. Tur - retur. Kanskje.

– Eg syns i grunnen ikkje det er så gale. Vi var trass alt på reise i nesten fire veker, og så å seie alt var inkludert, seier Jonn.

Dei to hadde trent bra før turen.

Sjå bildeserie frå turen her

Jonn har trent jamt heile livet. Han har drive aktivt med langrenn og skiskyting, og han er trufast deltakar på lange og tunge turar med turlaget.

Reidar har aldri drive med idrett, men før turen hadde han gått mange, mange turar i skaftet på Troll A (330 høgdemeter, 1650 trinn), pluss turar i fjella «bak huset» to-tre gonger i veka.

– Dessutan: Reidaren har aldri trent noko særleg, men eg har i alle år lagt merke til, når vi har vore på hjortejakt baki her, at fyren er i ein utruleg bra form. Eg trur han er ein av dei som er fødd med veldig mykje betre form enn oss andre, meiner Jonn.

Biffane i Argentina gjorde livsvarige inntrykk på begge to.

– Du anar ikkje. Dei kunne vere eit kilo. Denne her er no eit unntak, den var det litt poteter til. Ofte fekk du berre biffen og ferdig med det.

Høgdetrening

Før dei fekk gå inn i nasjonalparken venta tre dagar med høgdetrening i ein sommarstengt alpinbakke i Penitentes.

– Kvar dag gjekk vi frå 2800 meter opp til om lag 3500. Resten av tida gjekk med til å pakke til ekspedisjonen.

Ved inngangen til nasjonalparken fekk dei utlevert ein pose til å samle boset sitt i, ein signatur på eit ark, og lykke på reisa.

– Frå porten til base camp er det 42 kilometer, og opp 1800 høgdemeter. Vi gjekk det på tre dagar, rundt 14 km og 400 høgdemeter dei to første dagene og 1000 høgdemeter på dag tre.

Maten var det ingen ting å seie på:

– Til lunsj fekk vi ost og spekemat, kvar einaste dag. På ein slik tur drikk du 4-5 liter vatn kvar dag, og då blir kroppen fort utvaska, så du treng å tilføre saltmat, om du skal halde koken. Til middag var det veldig ofte biff. Dei store, gode biffane.

Den fjerde dagen kom dei inn til base camp, som låg på 4200 meter.

– Det var godt. Å sitje på ein stol og ete. For eksempel.

I base camp var det sett opp eit «restauranttelt», og i eit telt kunne du kjøpe deg ein dusj. 20 dollar kosta det. Små øl og cola kunne du og få, til ti dollar boksen.

– Eg bevilga meg ei cola kvar dag, innrømmer Jonn.

– Og ein dusj. Dei fleste gjekk heile turen utan å dusje. Men eg ville begynne på fjellet med reine og tørre føter.

Opp fjellet

Skal ein kome opp på eit fjell som er nesten 7000 meter høgt, må ein ta det i porsjonar. Stoppe opp i dagevis på nivå etter nivå og la kroppen venne seg til høgda og den tynne lufta.

– Frå base camp gjekk vi opp til camp 1, som låg på 5000 meter, var der ei stund, og så gjekk vi ned att for å sove. Andre dagen var ein sokalla bæredag, då bar vi 20 kilo kvar opp til camp 1. Så fekk vi ein kviledag, og fjerde dagen var flyttedag. Då bar vi telta og soveposane og alt vi eigde opp til camp 1. 20 kilo den dagen og.

– Det var vel det vi skulle ha trent meir på. Skal du gå ein sånn tur, bør du ha trent på å gå 6-7 timars turar i fjellet med 20 kilos oppakning. Frå base camp og opp var det eit blodslit, dag etter dag, seier Jonn.

Frå base camp og oppover var det slutt på biffmiddagane.

– Etter det gjekk det i Toro og Real turmat. Og smeltevatn frå breane. Vi drakk sandvatn som knaste i tenna. Det var ikkje farleg, men det var ikkje så veldig godt heller. Framme i leiren kokte guidane vatn som vi slo oppi posane med tørrmat, og det var middagen.

I desse leirane, var det noko sosialt liv?

Reidar må le:

– Sosialt? Når du kjem fram er du så sliten at du greier ikkje noko anna enn å setje opp teltet, få i deg litt mat, og så ligg soveposen der, og den kryp du inn i, og ferdig med det.

Frå camp 1 var det same programmet: Første dagen spasertur opp til camp 2, som låg på 5400 meter, så ein bæredag, ein kviledag, og fjerde dagen flyttedag.

Så auka tempoet plutseleg. Veret var godt, og tida måtte nyttast.

– Alt neste dag pakka vi alt utstyret og bar det opp til camp 3, som ligg på 5900 meter. Det var ein tung dag. Det var blytungt. Du føler at du får ikkje puste, du pustar og pustar, men det hjelp liksom ikkje. Det blir for lite. Og så skal du gå i tillegg.

Frå no av var det slutt på all komfort.

– Det var så ufyseleg ver at guidane berre smelta snø til oss, det var ikkje snakk om å bruke tid på å koke opp til varm mat. Vi fekk isvatn på termosar, nokre sjokoladar, og det var det.

No låg dei framfor skjema, og kunne - i verste fall - ligge tre dagar og vente på optimalt ver for sjølve toppstøyten. Slik skulle det ikkje gå.

Toppstøyten

– Det som er med slike turar, slik var det på Kilimanjaro og, det er at dagane før, dei kan mange greie. Dei er tunge, men det går. Men sjølve toppstøyten, den er ein god del tyngre enn dei andre dagane. Det er fordi du helst ikkje skal overnatte i for tynn luft, så dermed blir det ganske mange høgdemeter opp til toppen, du er sliten etter mange tunge dagar, og du har ikkje fått akklimatisert deg til den nye høgda. Ifrå 5.643m og opp til toppen vart det ikkje tid til akklimatisering Alle krefter jobbar mot deg, seier Jonn.

– Det er då det verkeleg røyner på. Det er då kiloa rasar av deg, meiner Reidar.

Klokka fire neste morgon vart dei vekte.

– Det var ganske ufyseleg å stå opp. Du måtte kle på deg alt du hadde av klede før du gjekk ut av teltet. Då var det godt å ha trent på å ta på seg toppturskoa heime på Sande.

Klokka ti over fem la dei av garde mot toppen.

– Vi gjekk med hovudlykter. Eg trur det gjekk eit par timar før sola sto opp.

Dei gjekk sakte.

– Det var heilt på grensa av kva eg kunne greie. Av og til gjekk eg fem til seks steg, så måtte eg stoppe og puste, seier Jonn.

– Det var som ein kar sa: Det er mellom øyrene du greier ein slik tur, seier Reidar.

– Berre det å sakke etter dei andre, det er fort gjort, du somlar litt etter ein pause, og så ligg du plutseleg ti steg etter dei andre. Viss du då skundar deg, og tek inn dei ti stega i ein fei, kan du sprenge deg, og så er du ferdig. Du må legge ein plan, og seie til deg sjølv at dette skal du ta inn i løpet av den neste halvtimen. Sånn må du tenke.

Ho som skreik

Eit anna lag som var på veg mot toppen same dagen måtte gi seg på det.

– Det var ho japanske dama, hugsar du ho? Ho som skreik så vanvittig?

– Ho ropte og ropte. Eg trur det var at dei måtte snu. Til slutt såg vi ikkje meir til dei.

Klokka 15:45 om ettermiddagen 13 dagar etter at dei la i veg frå inngangen til nasjonalparken, sto dei på toppen. 6962 meter over havet.

– Då eg sto på toppen var det omtrent som å være i himmelen. Eg har i alle fall aldri vore så nær den, ler Jonn.

– Det var litt uforståeleg at vi endeleg var der, eg måtte faktisk fordøye det i nokre dagar før det gjekk opp for meg at eg hadde klart det.

– Det som var så fantastisk, var å stå på toppen og du såg ned på fjella rundt deg. Dei er 5-6000 m høge og du ser ned på dei! Det var noko som må opplevast, det går ikkje an å beskrive, seier Reidar.

Jonn dreg fram ein sliten papirlapp. Den har vore i lomma hans på heile turen:

– Dette er nokre ord eg fekk tilsendt frå ein kamerat eg traff på Kilimanjaro, før denne turen: «Forward. Ever. Back never. One step at the time».

– Det er gode ord å ta fram, når du er så sliten at du ikkje forstår korleis du skal flytte foten eit steg til.

Er det ei bragd, det de har gjort?

Jonn tenker seg om. Det sit langt inne for ein sunnfjording å setje såpass til sjølvskryt på trykk. Men det må til.

– Ja, veit du kva? Det er kanskje det. Det er nok mange som kunne klare det, men du skal gjere det og. Og det er ikkje berre å bestemme seg, det er ein ting du må planlegge over tid. Og så skal du vere heldig med veret. Der hadde vi flaks, det er no berre greitt.

Høgst i verda

– Det er eit 16 dagars maraton. Frå morgon til kveld, seier Reidar.

– Det er rekna for å være ein av dei tyngste av «The seven summits» (Dei høgste fjella på kvart kontinent i verda, red. mrk.), seier Jonn. Fjellet er det nest høgste i denne klubben etter Mount Everest og det høgste i verda utanfor Himalaya. Men i januar er det vinter i Himalaya, og ingen som klatrar. Så når du står på toppen av Aconcagua, er du nok den som står høgast i verda.

Jau, det er nok ei bragd.

Artikkeltags