Ute av Handelshuset

NY KVARDAG: Jostein Fredly har framleis kontor i Handelshuset, men no er han ute på eigarsida, og tek sikte på ein litt rolegare kvardag. Men framleis blir han aktiv i næringslivet gjennom selskapet Qvam AS der Berqvam-familien har selt seg ut.  Foto: Sigurd Løseth

NY KVARDAG: Jostein Fredly har framleis kontor i Handelshuset, men no er han ute på eigarsida, og tek sikte på ein litt rolegare kvardag. Men framleis blir han aktiv i næringslivet gjennom selskapet Qvam AS der Berqvam-familien har selt seg ut. Foto: Sigurd Løseth Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Jostein Fredly har selt aksjeposten sin på seks prosent i Handelshuset AS.

DEL

– Det er ei form for nedtrapping, seier 65-åringen som har hatt ei sentral rolle i det store kjøpesenteret gjennom 18 år.

Han blei samarbeidspartnar med Ida Berqvam då han i 1997 gjekk inn i driftsselskapet Qvam AS og seinare i Qvam eigedom AS. Sistnemnde bygde Handelshuset nord der Fredly hadde ein større aksjepost.

Seinare fusjonerte dei to handelshusa pluss Idébygget i Handelshuset AS. Her har no Amfi drift AS overteke 20 prosent av aksjane, blant dei Fredly sin aksepost på seks prosent.

Samtidig har Qvam AS blitt fisjonert (delt opp), og Fredly er no eineaksjonær der.

Strategisk val

Endringane er resultat av ei strategisk vurdering i styret.

– Ida og eg er ikkje utgamle, men heller ikkje så unge lenger, så vi har grunna nokre år på kursen vidare, fortel Fredly.

Duoen har sett at samanslutningar i form av kjeder veks fram også i kjøpesenterbransjen og fått stadig meir makt.

– Senterkjedene har lettast tilgang til dei nye og store konsepta og ressursar til å jobbe med kontaktar og lokale kring om i landet. For vår del var det naturleg å gå inn i Amfi, seier Fredly.

Qvam AS drifta Handelshuset fram til 2011. Etter den tid har Amfi gradvis teke over ansvaret. I dag er driftspersonalet direkte tilsette i Amfi.

– Dette medførte at samarbeidet mellom Ida og meg mista ein del av fundamentet for å halde fram. Eg har selt meg ut av Handelshuset, mens Ida har trekt seg ut av Qvam. Eg ser ikkje noko meining i å sitte med ein aksjepost i Handelshuset, når eg ikkje lenger har noko med drifta å gjere. Då heller bruke pengane på andre ting, seier Fredly som vil ikkje røpe kor mykje han fekk for aksjane.

– Kjem du høgt på inntektstoppen i år?

– Nei, der vil ikkje eg nå opp, men eg har auka formuen litt, smiler Fredly.

Nye planar

Han kjem ikkje til å bli sitjande med hendene i fanget. Gjennom Qvam AS vil han drive vidare med eigedomsutvikling og entreprenørverksemd. Han har avtale med Amfi om oppdrag på prosjektleiing ein del år framover. Siste året leia han eit Amfi-prosjekt på Voss, og han stod for utbygginga av Puls i Førde. Fredly ser heller ikkje vekk frå at det kan dukke opp interessante eigedomsprosjekt i Førde.

Det som er ei lette, er ikkje lenger å ha det daglege driftsansvaret for Handelshuset.

– Det medfører beredskap til alle døgnets tider. No kan eg ta meg fri ein føremiddag og gå ein skitur på Langeland, seier ein blid Qvam-leiar.

"Vi mista ein del av fundamentet for å halde fram

Jostein Fredly

dagleg leiar

Artikkeltags