Uskadd etter utforkøyring

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein bil har køyrt av vegen i Sogndal, på fylkesveg 55 ved Årøytunnelen.

Naudetatane har vore på staden og bekrefta at det var ein person i bilen.

Føraren kom uskadd frå hendinga og ho har fått helsesjekk av ambulansepersonell.

Ifølgje politiet er ingen andre involvert i ulykka, bilberging er rekvirert til staden.

Artikkeltags