Avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB meiner Astruptunet var Nikolai Astrup sitt aller viktigaste kunstverk,
Og han er ikkje aleine:
– Samspelet mellom Astruptunet og kunsten til Nikolai Astrup begeistrar europeiske museumsdirektørar, Jølster-ordførar
Oddmund Klakegg etter at 14 museumsdirektørar og konservatorar frå fleire europeiske land var på besøk i Astrups heimbygd 19. og 20. juni.
– Besøket var ein del av arbeidet med å førebu den storstilte Astrup-lanseringa i Europa i 2016. Og tilbakemeldingane er klare: Interessa for Astrup er stor, og det er samspelet mellom hans kunst og tunet som gjer han unik. Det gir oss ein unik sjanse til å selje både Jølster og regionen internasjonalt, og kan gje oss eit stort løft i reiselivssamanheng, seier Klakegg.
På nivå med Munch
Tilbakemeldingane frå dei europeiske museumsdirektørane var at Jølster, tunet og kunsten heng så tett saman at det må formidlast og seljast samstundes som kunsten blir presentert for verda, ifølgje Klakegg.
– Inntil no er Edvard Munch den einaste norske kunstnaren som er lansert utanfor Norden. Men i 2016 skal 100 av Astrups kunstverk ut på verdsturne, og det heile startar i London i februar om knapt to år, seier Klakegg.
Ser det store, men..
Han ser det store i det som skjer, men legg heller ikkje skjul på at utfordringane som ventar er godt eigna til å miste nattesøvnen.
– Tunet og hagen må rustast opp, og det er eit faktum at utstillinga i galleriet ikkje har vore fornya sidan Stiftinga for musea i Sogn og Fjordane tok over ansvaret i 2009. I avtalen går det fram at det skal drivast som kunstmuseum. Det har ikkje blitt følgt opp, og besøkstala i Astruptunet har stupt etter at drifta vart lagt inn under stiftinga. I det hele står ikkje tunet fram på ein måte som gjer meg stolt, seier Klakegg.
– Vart ikkje rik på svar
– På eit kontaktmøte i stiftinga tidlegare i år etterlyste han kva satsing dei ser føre seg.
– Eg vart ikkje spesielt rik på svar, og det gjer meg uroleg.
Stiftinga for musea i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane kunstmuseum har formidlingsansvar for Astrup og hans kunst, seier Klakegg.
Han er kritisk og uroa over at ingen ting skjer, og legg ikkje skjul på at han føler seg rådlaus.
– Det er også klart at også kommunen har eit ansvar, og vi ser sikkert ikkje flinke nok. Det er også eit faktum at vi i fjor valde ikkje å gå vidare med det då etablerte Astrup-prosjektet av økonomiske årsaker, seier Klakegg.
– Sparebankstifting DNB satsar store midlar på den internasjonale lanseringa av Astrup. Dei ønskjer også kommen med i prosjektet, eg reknar med det er pengar eller menneskeleg ressursar, seier ein litt fortvila ordførar.
Hans håp er at kommunen og museumsleiinga kan komme i gang med drøftingar om kva som kan gjerast så snart ferien er over.
Ønskjer sterkare Astrup-fokus
Direktør i Stiftinga for musea i Sogn og Fjordane, Anne-Marie Førde, ønskjer sterkare fokus på Astruptunet.
– Det kan eg signalisere. Men vi må sjå kva vi kan få til med dei ressursane vi har, seier Førde.
Ho forstår kritikken frå Jølster kommune:
– Eg forstår at det er forventingar både til dagleg drift og til det som skal skje fram mot 2016. Etter sommarferien vil vi gå i dialog for å finne løysingar. Deretter må vi ha interne drøftingar om vidare strategi, seier Førde.
Ho understrekar at lanseringa i 2016 er Sparebankstiftinga sitt prosjekt, og at ho tok kontakt for å undersøke om dei ønskjer at museumsleiinga skal vere meir aktiv.
– Vi hadde eit konstruktivt møte og skal jobbe vidare med prosjektet om å føre hagen tilbake til slik den var på Astrup levde der. Vi har søkt kukturdepartementet om 1,5 millon kroner i 2015 til det prosjektet, seier ho.
Førde opplyser også at dei kan ønskjer dialog om å låne bilde frå stiftinga til å stille ut i Astruptunet. – Det er gjort ein stor jobb å restaurere bilda som heng i galleriet. Vi ønskjer å utvikle plattforma, og å gå i konstruktiv dialog med stiftinga om å stille ut bilde, seier ho.
Astrups viktigaste kunstverk
– Astruptunet var Nikolai Astrup sitt aller viktigaste kunstverk, seier avdelingsdirektør Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB.
Han har jobba med planane om internasjonal lansering av Astrup i fem år, og legg lista svært høgt. Og Bjørnsen er klar på at nettopp samspelet mellom
Astruptunet og kunsten er heit avgjerande for å lykkast i den internasjonale lanseringa.
– Eg har hatt møte med Oddmund Klakegg og Anne-Marie Førde, og dei har fått klar melding om å hente inn den beste internasjonale kompetansen som finst når det skal utredast korleis hagen kan setjast i stand på best mogleg måte.
– Men dei har lite pengar å setje inn i eit slikt prosjekt?
– Eg ha sagt dei kan utarbeide ein søknad, så blir det min jobb å få stiftinga med på å dekke dette, seier Bjørnsen. Han vil ikkje seie kor mykje pengar stiftinga brukar på lanseringa, utover at det er eit kostbart prosjekt.
– For meg var det avgjerande å få den beste kuratoren i England, MaryAnn Stevens til å velje ut bilda og bygge opp utstillinga. Ho sa ja for to år sidan, og då byrja ballen å rulle, seier Bjørnsen.