Unge gründerar kan vinne 50.000 kroner

I 2013 vann Siri Linn Haugen (bildet) og Silje Blindheim gründerprisen for sin innsats med å utvikle verksemda Back to Start AS som tilbyr kompetanseheving innan basistrening.

I 2013 vann Siri Linn Haugen (bildet) og Silje Blindheim gründerprisen for sin innsats med å utvikle verksemda Back to Start AS som tilbyr kompetanseheving innan basistrening. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Unge menneske som bur og driv verksemd i Sogn og Fjordane, kan melde seg på i konkurransen om å vinne årets gründerpris for ungdom.

Vinnaren må vere mellom 18 og 35 år, og drive eiga verksemd i fylket.

For nyetableringar med potensial

Juryen er sett saman av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge. Dei skal velje ut ei verksemd, som dei har tru på, der kjenneteikna mellom anna kan vere at verksemda skapar omsetnad, arbeidsplassar, ny teknologi, utnyttar lokale ressursar, eller nye nisjar.

Du kan lese meir om konkurransen på fylkeskommunen sine nettsider.

I 2013 vann Siri Linn Haugen og Silje Blindheim gründerprisen for sin innsats med å utvikle verksemda Back to Start AS som tilbyr kompetanseheving innan basistrening.

Delt ut årleg sidan 2006

Tidlegare vinnarar av prisen er Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson frå selskapa Yast, nLink og Rocketfarm, Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud frå Videonor AS og Seevia AS, Sindre Kvalheim frå Local Host AS, Njål og Linn Wilberg som står bak AskAdam AS, Jarand Fretheim bak Stadt Surfcamp og gründerane bak Moods of Norway.

Artikkeltags