Ungdomspass selde dårleg

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Folkemusikkfestivalen ønskte å trekkje fleire ungdom til konsertane, men klarte berre å selje 80 ungdomspass til årets festival.

DEL

– Vi har ikkje selt kjempemasse, men vi hadde ikkje sett noko tall på førehand. Dette var ei prøveordning i år, og vi håpar at talet vil auke, seier dagleg leiar, Hilde Bjørkum.

Fleire årsaker

Festivalleiinga ser fleire moglege årsaker til dei lave salstala.

– Marknadsføringa har kanskje ikkje vore god nok. Ofte opplever vi at for å få folk hit for første gang, er det ein høg terskel. Ungdom møter ikkje folkemusikk i platebutikkar eller i media og dei er kanskje den gruppa vi har vanskelegast for å nå, seier Bjørkum.

Ei myte

Hilde Bjørkum meiner det likevel er ei myte at det er lite ungdom på folkemusikkfestivalen. I staden framhevar ho mangfaldet blant publikum.

– Det er spesielt for festivalen at ein kan sjå rundt seg på ein konsert og sjå tre-fire generasjonar. Eg er også optimist med tanke på å trekkje fleire ungdom, men media framstiller ofte folkemusikk som ganske kjedeleg. Som ei tolv år gammal jente sa til songaren Unni Løvlid under eit kurs på festivalen: ”Tenk om folkemusikk hadde vore like populært som popmusikk. Då hadde jo du vore Britney Spears!”

Artikkeltags