Ung, lokal fiskar kjøpte eigen holme for 1.260 000 kroner over prisframlegg

Ein ung fiskar har sikra seg sin eigen holme i Indre Steinsund i Solund.

Ein ung fiskar har sikra seg sin eigen holme i Indre Steinsund i Solund. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

I august blei Steinsundholmen i indre Steinsund i Solund lagt ut for sal. No melder Privatmegleren Vikebø & Jørgensen at det er ein ung, lokal fiskar som har skaffa seg sin eigen holme.

Om lag 40 personar var på visning før holmen til slutta hamna hos fiskaren.

– Kjøparen er veldig fornøgd med å ha sikra seg holmen. Den ligg idyllisk til og har historie mange hundre år tilbake i tid, seier meklar Stian Nilsen i Privatmegleren Vikebø & Jørgensen i Nordhordland.

Frå 1675 har det vore drive kremmarhandel, gjestehus, postopneri. smie, sildesalteri og brennevinsutsal på den vesle holmen.

To i bodrunde

Det første bodet som kom inn var på 3,3 millionar kroner. Det er 310 000 kroner over prisframlegg. Bodrunden stod mellom fiskaren og ein anna bodgivar. Meklar Nilsen trur det høge bodet gjorde at mange av dei som kunne tenke seg å by, gav seg. Av dei 40 på visning var dei fleste interesserte i holmen som feriebustad.

– Men det var overraskande mange som såg for seg å bu her på heiltid, seier Nilsen.

Til slutt fekk fiskaren holmen for 4.250.000 kroner.

Frå «ferieparadis» til «heilårsparadis»

Seljar Stig Ottesen som var eigar av Steinsundholmen i 12 år, har i løpet av den tida rusta opp tre av dei fire bygningane på holmen. Han meiner det er den perfekte feriestaden.

– Kjøparen har til hensikt å gjere dette til eit heilårsparadis. Han skal bu på holmen, seier meklaren.

Det står att ein del moderniseringsarbeid, noko Nilsen meiner bodgjevarane var innstilt på.

– Førebels har ikkje kjøparen andre planar for plassen enn å bu der, men det er jo openberre utviklingsmoglegheiter på holmen, seier Nilsen.

Artikkeltags