Gå til sidens hovedinnhold

Undersøker tidlegare saker der folk er sakna

Artikkelen er over 7 år gammel

Politiet veit enno ikkje kva tid den døde personen som vart funnen på øya Oddane sør for Florø kan bli identifisert.

– Liket skal obduserast ved Gades Institutt i Bergen. Det vl ta litt tid, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda.

Ifølgje stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon vart funnet gjort av tugåarar i går ettermiddag.

– Ikkje noko kriminelt

Liket ber preg av å ha lagt ei stund. Politiet har vore på staden og liket er sendt til undersøking ved Gades Institutt i Bergen.

– Vi vil ikkje gå i detaljar om kva funn som er gjort på staden, eller om det er gjort nokon funn som seier noko om kven dette er, seier Veseth.

– Vi mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt, legg han til.

Ser på tidlegare forlis

Han fortel at politiet har fleire teoriar dei jobbar ut ifrå no.

– Ein av teoriane er at dette er knytt til sjøfart. Det er naturleg å sjå på saker der folk har forlist på sjøen, seier stasjonssjefen.

Politiet har gjort ferdig undersøkingane på åstaden, og er i gang med den taktiske etterforskinga.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane, har politiet allereie vore i kontakt med moglege pårørarande i ulike sakna-saker.

Veseth vil førebels ikkje gå ut med detaljar kring likfunnet, og vil heller ikkje opplyse om det er snakk om ein mann eller ei kvinne. Politiet vil heller ikkje gi opplysningar om eventuelle andre identifiserande faktorar som klede, overlevingsdrakt eller liknande, melder NRK Sogn og Fjordane.

Kommentarer til denne saken