– Umåteleg stolt

STOLT: Arvid Lillehauge fekk kongeleg heider under årlege kraftkonferansen til SFE på Sandane. Medaljen vart overrekt av ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

STOLT: Arvid Lillehauge fekk kongeleg heider under årlege kraftkonferansen til SFE på Sandane. Medaljen vart overrekt av ordførar i Høyanger, Petter Sortland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg er umåteleg stolt og audmjuk, seier Arvid Lillehauge som har fått kongeleg heider.

DEL

Nyleg fekk Lillehauge Kongens fortenestemedalje for sin meir enn 30 år lange innsats for norsk kraftnæring og vasskraftkommunar.

– Spennande utvikling

Den tidlegare ordføraren og rådmannen i Høyanger fekk medaljen under kraftkonferansen Kraft i Vest.

Medaljen vart overrekt av ordførar i Høyanger, Petter Sortland, saman med fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Hovudpersonen var overraska og rørt over merksemda, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane (SFE)

– Eg er umåteleg stolt og audmjuk over å få Kongens fortenestemedalje. I over 30 år har eg fått vore med på ei veldig spennande og stor utvikling i kraftnæringa, og fått tatt del i både selskaps- og eigarrolla, seier Lillehauge i pressemeldinga.

– Spesielt kjekt var det å vere med å skipe Landssamanslutninga av vasskraftkommunar, og med det sikre at vertskommunane fekk sin rettmessige del av verdiskapinga til vasskrafta, seier Lillehauge.

Leiande roller

I tildelinga la fylkesordføraren mellom anna vekt på rolla Lillehauge har spelt for vertskommunane for kraftproduksjonen. Mellom anna har Lillehauge hatt leiande roller i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) og Kommunekraft, og var sentral i skipinga av begge.

I eige fylke har Arvid Lillehauge vore med i styret i Sogn og Fjordane Energi frå 1980 til dags dato, frå 1992 til 2012 som styreleiar.

– Treng slike konferansar

Fortenestemedaljen vart delt ut framfor 230 deltakarar på den årlege kraftkonferansen til Sogn og Fjordane Energi på Sandane.

Her var kraftnæring, anna næringsliv, folkevalde, myndigheiter og høgskulemiljø samla for å diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet akkurat no. Konsernsjef Terje Gjengedal meiner fylket treng ein slik konferanse.

– Kraftnæringa er svært viktig for fylket, den sysselset mange både direkte og indirekte, og den representerer ei stor verdiskaping for kommunar og fylkeskommunen. Derfor synest vi det var på sin plass at sjølve fornybarfylket fekk sin eigen kraftkonferanse, seier Gjengedal i pressemeldinga.

Artikkeltags