– Ulovleg å verve til World Games-spelet

Artikkelen er over 18 år gammel

Viss du prøver å verve nokon til det pyramideliknande spelet World Games, bryt du lotterilova og kan bli straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år. LES OGSÅ: – Advokatar ser på saka – Liknar ulovleg pyramide Spelar frå Bygstad håper å tene gode pengar

DEL
Det har Lotteritilsynet kome fram til.

– World Games innfrir ikkje kravet om at deler av overskotet skal gå til samfunnsnyttige formål og ville ikkje fått løyve til å halde lotteri i Norge. Dermed er det heller ikkje lov å marknadsføre World Games, seier Elna Berge i Lotteritilsynet.

Også ulovleg å verve
Det betyr at reklame på tv, radio eller i trykksaker er ulovleg.

– I tillegg er det ikkje lov å formidle spelet ansikt til ansikt med ein person. Prøver du å verve nokon til spelet, bryt du lova og kan bli straffa. Politiet kan på eige initiativ gå til sak mot deg, seier Berge.

– World Games er delt opp i ein lotteridel og ein annan del som går på kjøp og sal av fiktive aksjar. Er aksjesalet også ulovleg?

– Aksjesalet kan vere ulovleg viss det blir sett på som eit lotteri i juridisk forstand. Det ser vi ikkje vekk frå i og med at det er snakk om fiktive aksjar, innskot og tilfeldige gevinstar, seier Berge.

Ingen klagerett
Medlemmer i World Games har gjennom media argumentert for at spelet omgår norsk lov sidan medlemmene speler mot ein server som er registrert i Australia.

– Har Lotteritilsynet teke omsyn til dette argumentet?

– Dette er ein påstand frå World Games som vi ikkje har fått dokumentert. Uansett forbyr lotterilova formidling av alle lotteri som ikkje har fått løyve.

Lotteritilsynet si vurdering kan ikkje påklagast.
– Fordi ingen står fram som norske leiarar er ikkje Lotteritilsynet si vurdering retta mot ein bestemt part. Då fell retten til å klage vekk. Men kven som helst kan sjølvsagt ta kontakt og be oss revurdere synet vårt, seier Berge.

Artikkeltags