– Ubeskriveleg

Godt over 18 kilo vel plassert i armane til Jan Erik Aase ved Nausta.

Godt over 18 kilo vel plassert i armane til Jan Erik Aase ved Nausta. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Jan Erik Aase drog opp megalaks på 122 cm og godt over 18 kilo.

DEL

Han trudde knapt sine eigne auge då han fekk napp under stamfisket i Nausta torsdag.

– Det var ei stor oppleving. Det var kjekt og spennande, ja, nesten ubeskriveleg, fortel Aase dagen deretter.

Den enorme laksen blei hala i land på Grimset i Naustdal. Då han fekk napp visste han at det var noko på ferde.

– Eg forstod at han var stor, men at han var så stor skjønte eg ikkje.

Då beistet kom til syne såg fiskaren at den var 35–40 cm på breisida.

– Du kjenner det i armane etter ein sånn tur. Vi måtte forbi litt småskog, så det blei eit basketak, fortel Aase som fekk hjelp av Olav Aarskaug som stod for håvinga.

Blir ikkje middag

Når stamfisken skal på land må det skje raskt. Fisken skal nemleg fraktast i ein oksygentank til ein stor kumme der det blir teke prøver av fisken. Tidlegare har fisken blitt stroken for rogn og mjølk og rogna har blitt sett ut att.

No skal derimot elveeigarlaget kultivere for å utnytte gode oppvekstvilkår for yngel ovanfor den lakseførande delen av Nausta. Det betyr at hannfisken skal settast ut att saman med hofisk i par. Til saman han eleveigarlaget fått løyve til å sette ut 30 laksar.

– Då gjer han jobben sjølv. Naturen går sin gang. Kanskje kan han komme att som 25 kilosfisk, seier leiar i elveeigarlaget Eilif Erdal.

Kultiveringa over den lakseførande delen av elva er eit forarbeid for ei laksetrapp som skal settast opp i Kallandsfossen. Med andre ord endar ikkje storfisken i grytene til Aase.

– Nei, dette blir ikkje middagsmat, seier Aase.

Monsterfisk

Olav Aarskaug posta bilde av Aase og megafisken på Facebook torsdag. Der skildrar Aase fisken som «ein laksefiskars draum». Og kommentarane hagla. «Monster», skriv ein, «jaggu litt av ein fisk», «veldig bra», «dette var stort» er nokre av reaksjonane.

– Nausta har gått frå å vere ei smålakselv til ein god bestand av større laks. Vi har sett fleire individ i denne klassen. Det er gledeleg, seier Erdal.

Artikkeltags