Kontreadmiral Bjarne Grimstvedt nekta for at dei jakta sovjetisk ubåt i Sognefjorden i 1972. Dette heldt han fast på heilt til han døydde, skriv Firda torsdag.
Nekta
– Nei det var nok ingen sovjetisk ubåt i Sognefjorden i 1972, sa admiralen til Bergens Tidende i 2005.
Grimstvedt var i 1972 skipssjef på «KNM Trondheim» og leiar for operasjonen. Han døydde i 2008, 78 år gammal.
Avslørande dokument
No avslører dei nyleg nedgraderte dokumenta, som tidlegare var hemmelegstempla, frå Forsvaret og regjeringskontora at det faktisk var ein sovjetisk ubåt som vart leita etter i fjorden i november 1972, skriv avisa.
Det vart gjennomført ei rekkje ubåtjakter i Norge under den kalde krigen, og den nemde ubåtjakta kalla «Sognefjorden-affæren» er framleis den største norske marineoperasjonen i fredstid.
Tabbe
Ifølgje Firda, er denne hendinga aldri tidlegare blitt gjort kjend: Tidleg om morgonen 24. desember 1972, To vekers leiting er i ferd med å få Forsvaret til å gi opp. Då fekk dei brått temmeleg sikker kontakt med ein frammand ubåt på veg utover fjorden. Det vart gitt beskjed til andre norske i det aktuelle området.
I ein av rapportane heiter det: «Av en eller annen grunn – antakelig skipssjefens skjønn på basis av de opplysninger han hadde – ankom «KNM Narvik» til utløpet av Sognefjorden først i 11-12.00 tiden den 24. november. Den kastet da ut en synkemine, men hadde ingen kontakt. Dersom «KNM Narvik» straks hadde seilt utover kunne den vært i utløpet tidlig på morgenen».
Fleire dokument
Kvifor kontreadmiral Bjarne Grimstvedt aldri vedgjekk at der vart jakta på sovjetisk ubåt i Sogn, får ein aldri vite.
Der finst framleis dokument om «Sognefjorden-affæren» som er hemmelegstempla.