Tusenvis på Sildebord

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Folk i Florø trassa regn og vind for å vere med på den årlege tradisjonen

DEL

Vêrgudane var så avgjort ikkje på arrangørane si side, men maten, seks ulike sortar sild, med tilbehøyr, såg ut til å falle i smak. Og langs langborda i Strandgata har folk det triveleg i lag, trass i regnbygene.

Årets sildekonge
Etter å ha opna Sildebordet, fekk også ordførar, Bente Frøyen Steindal, æra av å utrope årets sildekonge, som i år vart mangeårige journalist i Firdaposten, Harald J. Stavang.

Stavang har alltid vore oppteken av båtar, fiske og kystkultur. No kan han smykke seg med tittelen Årets sildekonge.

Under det årlege Sildebordet i Florø, heidra Sildebordkomiteen Stavang for hans mangeårige journalistiske innsats for kystkulturen. Sildekongen sjølv var nokså overraska:

– Det er ei stund sidan femtitalet og den epoken vi omtalar som sildetida, så dei er vel begynt å sleppe opp for kandidatar. No tek dei som skriv om det, i staden for dei som dreiv med det, seier Stavang.

Overraska over tittelen
Journalisten har vore oppteken av fiske og kystkultur i alle år, men at han skulle bli kåra til Årets sildekonge, hadde han aldri rekna med.

– Nei, for all del! Kva skal ein seie til slikt? Rett nok har eg vore på sildefiske og også selt sild på torget i yngre år, men eigen innsats er ikkje mykje å skrive heim om, seier Stavang.

Juryen meiner derimot at han fortener prisen fordi han har «god greie på sild og sidefiske, og gjennom ord og bilete i ein mannsalder har dokumentert og skildra alt som rører seg rundt sildefisket på ein god og folkeleg måte».

Artikkeltags