Turist omkom i Aurland

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar overfor BA at ein mann er omkommen i Aurland etter ei fallulykke.

– Klokka 15.46 fekk vi melding om at SeaKingen hadde henta personen opp, og frakta vedkommande til Bakkane, seier Rimmen.

Den tyske mannen i 20-åra vart erklært død på staden klokka 15.57.

Ei kvinne frå Luxembourg var saman med den tyske mannen då han fall. Ho vert no teken vare på av kriseteam i kommuen.

Fall ikkje i fossen

Naudetatane vart kalla ut til Gudvangen i Aurland, der mannen skal ha falt ned eit djupt juv.

Dei første meldingane gjekk ut på at mannen hadde falle i ein foss. Dette stemte ikkje, skriv BA.

Vart gjort funn

Klokka 15.20 opplyste politiet at det var gjort funn etter søk med luftambulanse.

– Luftambulansa har gjort visuelle funn. Tilstanden er uviss, og vi avventer Sea King for å prøve å redde ut grunna vindtilhøva, opplyser Espen Walter Gulliksen, ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mykje vind

– To personar var i fjellet, ein mannsperson i 20-åra har falle ned. Det er eit bratt juv der ulykka har skjedd, seier Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge sende eit SeaKing-helikopter for å bistå redningsaksjonen.

– Det er vanskeleg flytilhøve i området. Det er mykje vind, rapporterer luftambulansa, seier Mannsåker.

Naudetatane fekk melding om ulykka like etter klokka 14.

Ulykka skjedde i fjellet om lag 400-500 meter over havet.

Dykkarar, helikopter, politi, ambulanse, Røde Kors, alpine redningsgrupper og fleire vart kalla ut.

Artikkeltags