Trygge på ei ordning

snakka same språk: Ole Gunnar Krakhellen, Frida Melvær saman med Frank Jenssen (H) og Helge Andre Njåstad (Frp) frå Stortinget sin kommunalkomité. Ordførarane sit att med ei kjensle av dei og departementa snakka same språk når det gjeld bruk ferjeavløysingsmidlar til veginvesteringar. foto: privat

snakka same språk: Ole Gunnar Krakhellen, Frida Melvær saman med Frank Jenssen (H) og Helge Andre Njåstad (Frp) frå Stortinget sin kommunalkomité. Ordførarane sit att med ei kjensle av dei og departementa snakka same språk når det gjeld bruk ferjeavløysingsmidlar til veginvesteringar. foto: privat

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Askvoll/Solund: Ordførarane kom heim frå Oslo med stor optimisme rundt finansiering av bruer i kystkommunane.

DEL

Etter to dagar i hovudstaden kom Askvoll-ordførar Frida Melvær og Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen attende med sterk tru på at ei god ordning med bruk av ferjeavløysingsmidlar til veginvesteringar vil komme på plass. Ordførarane meiner ein er i rute til å finne ei løysing til Kommuneproposisjonen for 2016 som vert lagt fram i mai i år.

– Signala vi har fått er veldig tydelege. Eg vil påstå at det er

"Vi trong ei god sak for Sogn og Fjordane.

Frida melvær

orførar i Askvoll

sjeldan ein opplever å bli møtt med så klart positiv innstilling etter eit departementsbesøk, seier Melvær.

Dei siste dagane har dei vore i møte med representantar frå Stortingets kommunalkomite, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet. Tema har vore ferjepolitikk, med vekt på ferjeavløysingsmidlar.

Trygge på god ordning

– Vi er trygge på at det vil bli lagt til rette ei ordning for ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegar som vil bety at bru over Ytre Steinsund, Atløysambandet og kystvegen vil vere mykje nærare realisering. Stortinget har bede om ei ordning med varigheit på 40 år. Då er våre prosjekt fullfinansiert, seier Melvær og Krakhellen.

– Kor sikkert vil du seie det er at dette blir realiteten?

– Det er sannsynleg at det kjem ei løysing, men detaljane har eg ikkje, svarar Melvær.

Men trass i positive signal torer dei ikkje feire heilt endå.

– Vi skal eventuelt feire i mai når vi ser kva den endelege løysinga blir. Men eg vågar ikkje spå noko, seier Melvær.

Trong ei god sak

– Kor sårt trong Høgre ei «gladsak» no?

– Vi trong ei god sak for Sogn og Fjordane, det er ikkje til å legge skjul på det. Høgre har jobba målretta for med dette i lang tid no. Vi gjekk til val på det, og då forventar eg og at ein jobbar for å få til ei god løysing, svarer Melvær.

Gjennom møta meiner ordførarane at dei har fått formidla kor viktig ferjepolitikken er for heile Kyst-Norge.

– Vi har fått sett fokus på kor isolert ferjeavhengige samfunn vert dersom det skjer noko med ferjene, seier Krakhellen.

Artikkeltags