– Trur den har flydd seg vill i vinden

Benedicte Kvammen med dua ho fann laurdag (bak i midten). Med seg har ho dei andre som var med å ta hand om dua då dei kom heim. Rebecca Iren Kvammen står til venstre for Benedicte. Til høgre står Iben Stenseth Bruflot. Framme: Gabriel Hawkes, Lilly Hawkes og Victoria Kvammen.

Benedicte Kvammen med dua ho fann laurdag (bak i midten). Med seg har ho dei andre som var med å ta hand om dua då dei kom heim. Rebecca Iren Kvammen står til venstre for Benedicte. Til høgre står Iben Stenseth Bruflot. Framme: Gabriel Hawkes, Lilly Hawkes og Victoria Kvammen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Laurdag var Benedikte Kvammen (14) på tur med hunden til tanta. Like ved Kvammen kapell fann ho ei stranda brevdue. Den var både pjuskete og sliten, og låg heilt i ro. Langt ute av kurs, viste det seg.

Utmatta

– Benedikte gjekk rett heim etter at ho fann dua, og fortalde oss om det. Ho visste ikkje om det var lurt å ta i den, og dessutan hadde ho hund med seg. Den ville helst jage etter dua, seier Ingvill Bruflot Kvammen, som er mor til Benedikte.

Ho treiv med seg eit handkle, og køyrde rett til kapellet. Der sat dua framleis inntil kapellet, heilt utmatta og medteken.

– Vi pakka den inn i handkleet og tok den med oss heim. Vi sette den inn i eit bur vi har, og sjekka brikka den hadde på foten. Etter nokre søk på internett fann vi fram til ein leiar i ein organisasjon som driv med brevduer, og han sette oss i kontakt med eigaren av dua. Han bur i Rosendal, og var svært overraska over at dua hadde komme så mykje ut av kurs, seier Bruflot Kvammen.

Sjølv trur ho at ruskevêret i helga kan ha ført dua ut av kurs.

Får godt stell

– Vi veit ingenting om duer, men eigaren forklarte at vi skulle gje den vatn og brød, og halde den i buret. Det er vanleg at duene står i bur for å komme til hektene igjen når dei er slitne. Etter nokre dagar skulle vi sleppe den ut, og då vil den mest sannsynleg finne vegen heim att, sa eigaren.

Men både Ingvill og borna som var der då dei fann dua, er litt uroa.

– Eg er litt redd for at den ikkje skal fine vegen heim. Men meiner eigaren at det går bra, så gjer det vel det, seier Ingvill.

Ho og barna synst det er triveleg med ei due i hus, og dullar med den så godt dei kan.

Med på jobb

Ingvill jobbar på SFO og skulen i Gjelsvik. Måndag fekk dua vere med på jobb, til stor begeistring frå barn i alle aldrar.

– Alle vil sjå, og alle spør og synst det er spennande. Ungane er også litt redde for kva som vil skje når vi slepper den laus, men også dei forstår at det må til, seier Ingvill Bruflot Kvammen.

Ho seier dua ser ut til å trivast godt med all merksemda.

– Den har komme seg mykje no, og ser ut til å ha det bra. Eg ser at vêret ser bra ut, og reknar med at vi slepp den laus onsdag eller torsdag, seier Ingvill.

Artikkeltags