– Trudde det var jordskjelv

HAGEFERD: Her stogga bilen, etter å ha lagt hekk og TV-antenne flate.

HAGEFERD: Her stogga bilen, etter å ha lagt hekk og TV-antenne flate. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Bilen raserte hekken og landa på parabolantenna.

DEL

– Her blir det nok ein tur til hagesenteret, ja, seier Finn Rune Aarset. Måndag morgon fekk han bilen som køyrde utfor på Eikås i Jølster deisande ned i hagen sin.

– Eg sat og såg nyhende på TV i sjutida om morgonen, då det brått vart veldig med dundring, brak og leven utanfor huset. Så forvann biletet på TV-skjermen. Eg trudde det var jordskjelv, men då eg kom ut, såg eg kva som hadde skjedd, fortel Aarset.

Knuste parabolen

Der låg det ein bil nede i hagen hans, oppå det som eingong hadde vore ei parabolantenne. Oppe langs utkøyrsla frå E39 var hekken hans lagt flat.

Hjulspora på staden tyder på at bilen har fått hjula utfor vegkanten meir enn 50 meter unna. Like før Aarseths eigedom har bilen skore til venstre og over vegen, gått klar eit hushjørne, og til slutt stogga nede i hagen, eit par meter lågare enn vegbanen.

Uskadd

Bilføraren var åleine i bilen då utforkøyringa skjedde, og skal ifølgje politiet ikkje ha kome til skade.

Vegbanen ved Eikås hadde eit tynt lag av rim og is i morgontimane, og var svært glatt.

– Vanlegvis er det ikkje spesielt skummelt føre her, men i dag var det veldig glatt, seier Finn Rune Aarset til Firda.

Artikkeltags