Trudde det var aprilspøk

Denne parkeringsplassen ved botnen av Hafstadfjellet er mykje brukt av turgåarar. No vert den stengt, med mindre kommunen vil hjelpe til økonomisk.

Denne parkeringsplassen ved botnen av Hafstadfjellet er mykje brukt av turgåarar. No vert den stengt, med mindre kommunen vil hjelpe til økonomisk. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Reagerer sterkt på stenginga av mykje brukt p-plass.

DEL

- Eg måtte sjå på datoen, då eg trudde det var ein aprilspøk, kommenterer Tore Dvergsdal på nettstaden twitter i dag.

Dvergsdal er klinikksjef ved Helse Førde, og ein ivrig turgåar. Han reagerer sterkt på oppslaget i dagens Firda.

Det blir for dumt

"P-plass stengd i protest. God folkehelsebygging å stenge her. Berre i Førde slikt er mulig," seier han på nettstaden.

- Det første som slår meg er at ein må bli einige om ei løysing. Det vert for dumt at ein stengjer for folk som vil kome seg på fjellet. Det bør ikkje vere nokre avgrensingar for at folk skal kome seg ut, kommenterer han til Firda nett.

Forstår frustrasjonen

Dvergsdal forstår frustrasjonen til grunneigarane, men meiner problemet må løysast på anna vis enn å stengje området.

- Stoda er sjølvsagt lei for dei. Det er tydeleg at byen har blitt større, og pågongen av folk har vekse deretter. Dette må kommunen ta inn over seg, og følgje opp om konsekvensane av dette.

- Ein må få til ei ordning; ved parkeringsavgift eller anna. Løysinga er ikkje å stengje parkeringsplassen, og vanskeleggjere turgåinga for dei som vil på fjellet, seier han.

Viktig helsetiltak

Han peiker på Hafstadfjellet som eit viktig tiltak mot inaktivitet.

- Inaktivitet er eit stort problem, noko vi ser i Helse Førde, seier Dvergsdal, som er direktør for kirkurgisk klinikk ved Helse Førde.

- Hafstadfjellet er eit strålande aktivitetstilbod, uansett årstid. Det er såleis eit kjempeviktig helsetiltak. Dette må kommunen innsjå, og trå til i takt med dette.

Saka

Bruland Utmarkslag har vedteke å stenge tømmerplassen/ parkeringsplassen ved bomvegen til Hafstadfjellet for all bilparkering. Grunneigarane set foten ned i protest mot manglande bidrag frå kommunen.

- Det kan ikkje vere rett at parkeringa skal baserast på økonomisk bidrag, arbeid og velvilje frå grunneigarar gjennom fleire tiår, seier Arne Høisæther.

Dei meiner kommunen burde ta vare på turgåarar og allmenta sine interesser og ikkje la private ta alt arbeid, kostnader og ulemper. Utmarkslaget har ikkje motteke noko kompensasjon for utgifter dei har hatt grunna bruken av parkeringsplassen.

Vil finne ei løysing

Rådmann i Førde kommune, Ole John Østenstad, seier dei skal prøve å kome fram til ei løysing. Han er likevel redd eit eventuell økonomisk bidrag til Bruland Utmarkslag vil skape presedens, då det er mange vegar i kommunen som vert nytta av turgåarar.

Artikkeltags