Tre av fire seier nei til å lagre gruveavfall i norske fjordar

Miljøvernministeren skal om kort tid seie ja eller nei til lagring av avfallsstoff frå gruveindustrien i Førdefjorden.

Miljøvernministeren skal om kort tid seie ja eller nei til lagring av avfallsstoff frå gruveindustrien i Førdefjorden. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Om kort tid skal miljøvernministeren avgjere kva som skal skje i Førdefjorden.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

77 prosent seier nei til å late gruveselskap få lagre avfallsstoff i norske fjordar, viser ei undersøking Sentio har utført for Nationen.

Ti prosent seier ja, mens 14 prosent seier at dei ikkje veit.

Fleire gruveselskap har søkt om å lagre avfallsstoff frå gruvedrifta i norske fjordar. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell skal om kort tid avgjere om Nordic Mining skal få lagre avfall i Førdefjorden i samband med gruvedrifta dei har søkt om å få starte i Vevring.

- Vi har tydelegvis ikkje lykkast med å få fram bodskapen vår om at deponi i sjø kan vere den mest berekraftige løysinga, seier generalsekretær Elisabeth Gammelsæter i Norsk bergindustri til Nationen.

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er glad for at undersøkinga viser eit klart fleirtal mot deponering i sjøen, og trur folk innser kor alvorlege konsekvensane kan vere for livet på fjordbotnen.

Artikkeltags