Gå til sidens hovedinnhold

Traktor utan lys i verdas lengste

Artikkelen er over 14 år gammel

Politiet rykte ut etter melding om ein traktor utan lys i Lærdalstunnelen på E16 fredag ettermiddag.

Å køyre utan lys med eit saktegåande køyretøy i den 24 km lange tunnelen er ingen spøk, meiner politiet som gav føraren forenkla førelegg.

I ein fartskontroll nokre kilometer lenger oppe i Lærdalsdalen, i 60-sona på Ljøsne, vart ein bilførar degradert til fotgjengar fredag ettermiddag.

Vedkommande vart knipen i 88 km/t, mens grensa for kverrsetjing av førkortet normalt er 86 km/t i 60-soner.

Up-patruljen skreiv også ut 16 forenkla førelegg for høg fart i den same kontrollen, opplyser operasjonsleiar Atle Jansen.