Det var måndag ettermiddag det tok til å brenne i bustadkomplekset Mølletunet i Steinavegen i Førde. Bygningen husa i alt 27 asylsøkjarar frå ulike nasjonar, og er ei underavdeling av Hero Asylmottak på Bergum.

LES OGSÅ: Brannoffera døydde av skadene

Som følgje av heltemodig innsats frå naboar og tilfeldig forbipasserande som raskt oppdaga brannen og tok seg inn i bygningen, vart ei hardt skadd kvinne og den 20 månader gamle sonen hennar redda ut.

Dei vart seinare frakta til Haukeland universitetssjukehus med redningshelikopter, kor tilstanden vart karaktiserert som kritisk.

Høvesvis seint tysdag kveld og tidleg onsdag morgon døydde Garolin Nesaraja (24) og den vesle sonen hennar på sjukehuset i Bergen.

Avslag og dødsfall

Fredag står familien og advokaten til den unge asylsøkjaren frå Sri Lanka fram i Bergens Tidende og fortel Garolin si historie.

- Dette er ei djup, djup tragedie som ingen ende ville ta frå Garolin kom til Norge til ho døydde, seier Kristine Aarre Hånes som har vore Garolin sin asyladvokat i fem år.

Garolin Nesaraja hadde vore i Norge i fem og eit halvt år då ho i midten av desember fekk endeleg avslag på asylsøknaden sin. Under ei veke før avslaget, kom meldinga om at den 18 år gamle systera hennar heime på Sri Lanka var funnen drepen.

- Dei hadde eit svært nært forhold. Systera var veldig viktig for Garolin. Ho var den einaste ho hadde kontakt med i heimlandet, seier Aarre Hånes til BT.

Rømte frå tamiltigrane

Ifølgje Bergens Tidende vart Garolin fødd inn i ein fattig familie i byen Jaffna på Sri Lanka i 1987, som den eldste i ein syskenflokk på fem. I 2003 skal ho ha vorte verva av separatistrørsla Tamiltigrane. På det tidspunktet var ho 16 år.

I 2004 døydde mora, og Garolin fekk permisjon frå tilvêret som barnesoldat for å reise heim i gravferda. Ho kom aldri tilbake, og turde ikkje forlate heimen i frykt for å bli henta inn att av tamiltigrane.

To år seinare, i 2006, valde Garolin å flykte frå krigen. Familien hadde kjende i Norge, og 19 år gammal kom ho til mottaket i Førde som asylsøkjar. Etter kort tid flytta ho vidare til fjerne slektingar i Bergen, men opphaldet i vestlandshovudstaden vart slett ikkje slik ho håpa.

Menneskehandel

- På Sri Lanka måtte ho opphalde seg innandørs i fleire år. Då ho kom til Norge, fekk ho det endå verre, seier Hånes.

I Bergen arbeidde ho både på hotell og som reinhaldar, samt som hushjelp for ekteparet ho budde hos. Deler av løna hennar gjekk rett inn på ekteparet sin konto, og Garolin skal ha valt å politimelde slektingane.

Tilbake i 2009 vart det tamilske ekteparet som husa Garolin pågripne av politiet og sikta for menneskehandel. Politiet meinte dei hadde utnytta og kontrollert Garolin i to år. Saka er seinare lagd vekk som følgje av beviset si stilling.

- Etterpå kjende ho seg utstøtt av det tamilske miljøet og generelt utrygg i Bergen, fortel asyladvokat Hånes til BT.

Sette fyr på seg sjølv

Deretter gjekk turen attende til asylmottaket i Førde. Her traff ho ein kurdar frå Irak, som ho i april 2010 fekk ein son saman med. Sjølv om ho på det tidspunktet alt hadde fått avslag på ein asylsøknad, hadde ho von om å få bli i Norge. Retur til Sri Lanka var uaktuelt.

6. desember på tampen av 2011, vert så systera Meera funnen drepen heime på Sri Lanka. Dette skal ha tynga Garolin veldig, og 24-åringen skal ha mista all livslyst og blitt sterkt deprimert.

Når det endelege avslaget om opphald kom frå Utlendingsnemnda (UNE) berre ei veke etter dette, var det truleg dropen for Garolin. Etter at systera var drepen vart den unge kvinna endå meir redd for å reise tilbake til heimlandet.

UNE sette utreisefristen til 10. januar i år. Måndag 16. januar brann det i leilegheita der Garolin og den 20 månader gamle sonen budde i Førde.

Politiet har førebels konkludert med at Garolin Nesaraja sjølv stifta brannen som tok liv av henne sjølv og barnet.