Tord Dale blir helseministerens rådgivar

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Liv Signe Navarsetes knallharde kritikar tek til i hos helse- og omsorgsministeren i morgon.

DEL

Statsministerens kontor har frå 25. juni tilsett Tord Dale (32) frå Sogn og Fjordane som politisk rådgivar for helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Dette opplyser Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

Ingebrigsen flytta

Tilsetjinga skjer få dagar etter at statssekretær Roger Ingebrigtsen vart flytta over frå Helse- og omsorgsdepartementet til ei tilsvarande stilling i Forsvarsdepartementet. Ingebrigtsen tok del i den politiske handteringa av sjukehussaka denne våren, og mange TV-sjåarar vil truleg hugse han frå ein svært krass debatt med sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge i mars.

Fylkespolitikar

Tord Dale er opphavleg frå Sogndal og har fleire års fartstid i fylkespolitikken i Sogn og Fjordane, som representant for Ap.

Helsepolitisk framstod Dale under fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Ap 6. mars i år som ein talsmann for den type sjukehusomstillingar Helse Førde siktar seg inn på.

Hardt ut mot Navarsete

I eit innlegg under fylkesårsmøtet, og med Anne-Grete Strøm-Erichsen sitjande på første rad, refsa Tord Dale Sp-leiar og statsråd Liv Signe Navarsete for reaksjonane ho hadde kome med, etter at Helse Førde dagen før la fram modellen der lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid skulle gjerast om til lokalmedisinske senter. Navarsete kravde då at helseministeren – som var til stades og nærast applauderte modellen som vart lagt fram – måtte gripe inn mot Helse Førde, fordi modellen etter Sp-leiarens meining var i strid med Soria Moria 2.

«Populisme eller verre»

– I beste fall er det populisme, i verste fall er det ansvarfråskriving, sa Tord Dale om statsrådskollegaen til helseministeren han no skal vere rådgivar for.

Tord Dale kjem til departementet frå ei stilling som rådgivar for samfunnskontakt i det farmasøytiske firmaet GlaxoSmithKline. Han er utdanna sjukepleiar og var politisk rådgiver for statsråd Anniken Huitfeldt i Barne- og likestillingsdepartementet i tida 27. mars – 20. oktober 2009.

Artikkeltags