Tør du gå over her?

Slik er det venta at den nye brua i Via Ferrata Loen skal sjå ut. Det er eit fritt fall på 150 meter under brua.

Slik er det venta at den nye brua i Via Ferrata Loen skal sjå ut. Det er eit fritt fall på 150 meter under brua. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Lagar Norges mest spektakulære bru.

DEL

-Vi trur ei 110 meter lang bru skal lokke meir folk, seier Erik Brendefur. I neste månad startar jobben med å utvide Via Ferrata-tilbodet i Loen.

150 meter fritt fall

I fjor var første sesongen med Via Ferrata i fjellveggen over Loen, og allereie i år kjem første utviding. For i juli og august månad vil ei 110 meter lang stålbru bli montert mellom to gjel i fjellsida, og i tillegg vil det bli bygd ei mindre Via Ferrata rute ved enden av brua.

- Årets Via Ferrata sesong er i gong, og dette vert noko heilt nytt og spektakulært, og den første Via Ferrata brua av sitt slag i Norge. På midten av brua vil det vere minst 150 meter fritt fall ned til bakken. Snakk om luftig, seier dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur.

Luftig

Selskapet Loen Active, som er eigd av Hotel Alexandra, er oppdragsgjevar for utbygginga, og til saman 6-7 personar vil arbeide eit par veker i fjellveggen frå slutten av juli til ut i august.

-Vi kjem til å bruke same utbyggjar som bygde Via Ferrata Loen, det austerikske selskapet HZI. Dei har bygd slike klatreinstallasjonar mange plassar rundt om i verda, seier Brendefur om millioninvesteringa i fjellveggen over Loen.

- Den første sesongen hadde vi knappe 300 personar på organiserte turar opp Via Ferrata, men vi veit at dette er tilbod som det tek tid å innarbeide. Vi merkar allereie no føre årets sesong at etterspurnaden aukar på. Og når folk i tillegg ser arbeidet med den spektakulære brua, forventar vi auke i trafikken, seier Brendefur.

Kommersielt

Samstundes veit han at mange, både einskildpersonar og grupper, leiger utstyr og tek turen opp Via Ferrata på eiga hand.

-I og med at vi får offentleg støtte vert det stilt krav om at ållmenta skal ha tilgjenge. Men samstundes er det sånn at all kommersiell bruk av Via Ferrata Loen skal gå gjennom Loen Active, seier Erik Brendefur.

Den nye Gjølbrua vil bestå av eit 30-40 centimeter breitt aluminiumsgolv som folk kan gå på, og heile brukonstruksjonen vil elles bestå av mange wirer som er fastbolta til fjellet på begge sider.

- Dette blir spektakulært og luftig og attraktivt for folk som vil utfordre sider ved seg sjølv. Og vi ser jo at vi kontinuerleg må utvikle nye og utfordrande tilbod, seier Brendefur.

Artikkeltags