Toneglad

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Alt som lita jente skreiv ho til besta at ho skulle bli songarinne. No er ho Idol.

DEL

Det starta med koret «Krudlalaget», der dei song folketonar frå Sogn.

– Det var der det byrja. Eg og systera mi Tale gjekk på øving med Eva (red: Eva Weel Skram, deltakar i finalerunden i Idol) og brørne hennar. Etter det gjekk eg i barnekor nokre år før eg fekk min første songpedagog. Då var eg ni år.

Det lange mørke håret hennar dansar i hestehalen og ho rettar seg i ryggen. Ho er stolt av heimtraktene.

– Det er stilig å kunne folketonar. Det er så få som syng det no.

VI ER VANE med å sjå henne på tv no. Styla til fingerspissane, strålande og sjarmerande. Og det er slik Firda møter henne onsdag før den første store finaledagen. Bileta frå tv-skjermen lyg ikkje.

– Vi vert jo behandla som superstjerner. Bur på flott hotell, et god mat og får mykje merksemd. Det er klart dette er moro, seier ho på brei sogndalsdialekt.

Ingen teikn til forfineri her, nei. Ho ler og set seg godt til rette. Dette er andre intervjuet på ein tidleg føremiddag.

TONE KAN traktere piano og fløyte, ja, det meste som gir lyd frå seg. Det er det pappa Jon som har lært vekk.

– Eg har aldri gått til spelelærar. Pappa lærte vekk det han kunne og sidan har eg øvd sjølv. Eg har vore ein ivrig elev.

Nokre kjenner kanskje Tone att frå bandet «Sogn». For eit år sidan låg dei på førsteplass på fylkestoppen i seks veker av seks moglege.

– Det var kjempestort. Det er spesielt å høyre songen ein syng på radio.

Om ikkje popstjerneverda vert slik Tone tenkjer, vert ho kanskje reiseleiar for nokre år.

– Eg er vilt begeistra for alt som har med sol og varme å gjere. Det har eg vore sidan eg var lita, seier ho og fortel om då ho starta eige reisebyrå utanfor barnerommet.

– Eg hadde eiga datamaskin der eg sat og skreiv ut reisesjekkar. Eg kunne innhaldet i feriekatalogane på rams og eg vart veldig lei meg den dagen mamma kasta katalogane. Då var dei blitt seks år gamle.

HO KVIR SEG til å reise heim etter Idol. Det er lite som freistar etter dagar i rampelyset.

– Eg bur jo på hybel og eg trur det vil ta lang tid å kome tilbake til normalen etter noko slikt, seier ho og ler litt skjemd.

Det vert ikkje mykje skulearbeid på hotellrommet.

– Eg plar klare meg ganske bra på skulen, men eg lurer på om eg må gå første året på vidaregåande om att etter denne vinteren.

Ho himlar svakt med dei knallblå auga, og tek ein slurk brus.

På Sandane deler ho hybel med venninner, og ho trivst på musikklina på Firda vidaregåande.

– Då eg byrja fekk eg ein kjempeflink songpedagog. Den same som Eva hadde då ho gjekk på skulen. Og det er jo litt moro, at begge no er med i finaleheatet i Idol. Eg vil gjerne utvikle stemma mi og det føler eg får gjere på skulen. Også spelar eg handball på fritida. Det er heilt supert. Ho smiler og smiler. Det skal mykje til å sløkkje gnisten til denne jenta.

MEN DET HAR ikkje vore like lett å halde styr på skule og fritidssyslar. I 10.klasse på ungdomsskulen sa det stopp.

– Eg spelte i to band, tok songtimar, var med i to handballag og eit fotballag, ramsar ho opp og trekkjer pusten.

– I tillegg hadde eg ein ekstrajobb på butikk. Det var ikkje ein dag eg ikkje hadde to-tre aktivitetar eg skulle på. Då fekk eg meg ein knekk og måtte velje ut det eg ville mest. Handballen og songen vann.

Ho vert stille litt. Telefonen ringjer på det hemmelege telefonnummeret. Ho svarar, men det er ingen som seier noko i den andre enden. Ho skjær ein grimase.

– Poenget var jo at ingen skulle nå tak i meg. Hmm.

Ho ristar på hovudet, slengjer mobilen i veska og ser opp.

– Kvar var vi? Jo, eg fekk meg ein liten knekk og valde dei aktivitetane som freista mest. Men det er litt morosamt det. For eigentleg likar eg aller best å sove. Eg kviler middag kvar dag og har problem med å stå opp om morgonen. Men nok om det.

Ho gliser. Det verkar slett ikkje som ho treng søvn eller noko anna. Ho er på høggir heile tida.

Dei heime er stolte av veslejenta si og har sete framfor skjermen kvar gong Idol er på tv, eller dei har vore publikum i Oslo.

Storesyster Tale (18) synest veslesystera stort sett er flink til alt. Mamma Hilde meiner ho har vore heldig med det ho har fått utdelt.

– Eg har av og til fått høyre det, at eg kan alt. Men det stemmer jo ikkje i det heile. Det handlar berre om å gjere det ein synest er interessant og spanande. Då går alt så mykje lettare.

SJØLV OM tilveret på Sandane er morosamt er det kjekkast heime i Sogn. Der ventar kjærasten Børre i helgane.

– Eg saknar han heile tida. Sjølv om det berre er nokre dagar til eg skal sjå han att, byrjar eg sakne han når eg reiser frå Sogndal på søndagane. Ho strålar no, og ser lengtande ut i lufta.

– Han er ofte ute og reiser. Du skjønar, han er på U-21 landslaget i fotball, og han er skikkeleg god, seier ho, og legg ut.

Ho er naturleg nok stolt av kjærasten sin, Sogndal-midtstopparen, Børre Steenslid.

– Men akkurat no er ting litt rare. Begge er på reise, men eg får snart sjå han att. Han har lova å kome til Oslo for å sjå meg syngje.

KJAKANE HENNAR får eit bluss av raudfarge, og ho ler att. Det går i det heile i smil og latter.

Etter at ho gjekk vidare i Idol har tilveret endra seg totalt. Førre fredag gjekk ho vidare til Idolfinalen. Men i prat med mamma etter at scenelysa vart slått av, hugsa ho ikkje at ho hadde sunge i det heile. Det var mamma som måtte fortelje korleis det hadde vore.

– Det er ein unntakstilstand dette. Eg skjønar det ikkje sjølv. Då vi skal på scena og vi sit der styla og stæsja er eg berre ein stor geléklump.

6500 VAR PÅMELDT i årets Idol- konkurranse. Tone er ein av 12 håpefulle som kjempar om førsteplassen. Og det er ikkje berre stemma som tel. Utsjånad er viktig i slike konkurransar.

– For å nå langt må ein ha «heile pakka», og det er greitt. Eg tenkjer ikkje mykje på det. No vil eg berre nyte dette. Ein har lov å flyge på ei rosa sky så lenge ein landar att, blunkar ho lurt.

Fakta: Tone Damli Aaberge

Fødd: 12.04.1988.

Familie: Mamma Hilde Damli Aaberge og pappa Jon Aaberge. Har to søsken, Tale (18) og Are (26). Er kjærast med Sogndal-spelar Børre Steenslid (19).

Bustad: Sandane, går første året på Firda vidaregåande skule, musikklinja.

Aktuell: Er ein av 12 finalistar i musikkprogrammet Idol.

Artikkeltags