No har Per Garen ved Videseter Hotel sendt inn klage på legevakta i Stryn.

Vart sjuk etter måltid på Gardermoen

– Eg har fått eit frykteleg dårleg inntrykk av legevakta i Stryn. Eg håpar dei no tek fatt i dette, så vi slepp at det skjer igjen, seier Per Garen til Fjordingen.

Han føler seg dårleg behandla og meiner han ikkje vart teken på alvor då han melde ifrå om det han frykta kunne vere smittsam sjukdom.

Den spanske kvinna kom direkte frå Gardermoen til Videseter Hotel som ligg ved Gamle Strynefjellsveg. Då kvinna kom til hotellet var ho alt blitt dårleg. Ho skal ha forklart at ho hadde blitt dårleg nokre timar etter at ho hadde ete noko på Gardermoen.

– Eg måtte vere hjernedød

Garen frykta kvinna kunne ha fått i seg salmonella eller noko tilsvarande, og kontakta derfor legevakta i Stryn. Garen som venta 1000 cruisegjester til Videseter den påfølgjande dagen, frykta nokon kunne bli smitta.

– Legen sa at det ikkje var aktuelt å leggje inn pasienten på sjukehus. Eg fekk beskjed om å gje henne litt vatn med salt og isolere henne, så ville det gå over etter tre- fire dagar. Eg streka nok ein gong under sjansen for at fleire kunne bli smitta. Då svarte vedkomande at eg måtte vere hjernedød som ikkje forstod kva legen sa, hevdar Garen overfor Fjordingen.

Den spanske kvinna skal no vere i betre form. Ingen andre har blitt smitta. Per Garen krev likevel ei forklaring på det han oppfattar som slett service frå legevakta.