To kull med kattungar dumpa på rasteplass

Desse nøsta vart funne forlatne på Svidalsneset. Då var dei så små at dei ikkje hadde opna auga, dei var svært tynne, skitne og hadde augnebetennelse. I år kjem truleg rekordmange til å dumpe kjæledyra sine.

Desse nøsta vart funne forlatne på Svidalsneset. Då var dei så små at dei ikkje hadde opna auga, dei var svært tynne, skitne og hadde augnebetennelse. I år kjem truleg rekordmange til å dumpe kjæledyra sine. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Rekordmange dumpa dyra sine i 2012 og 2013. – Dette året ser dessverre ut til å bli eit nytt slikt år.

DEL

Det seier Bettina Astor, leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

– At folk forlét kjæledyr for å døy er eit stort problem kvar sommar over heile landet. Dette er heilt forkasteleg. Vi lever i 2014, og då burde folk vite betre når dei skaffar seg kjæledyr. Då forpliktar ein seg til ansvaret det inneber. Ansvarsfulle eigarar kastrerar og ID-merkar katten sin, ein eingongsutgift som er ei god investering, seier ho.

– Ville døydd viss ikkje

Astor har to stygge døme på nyleg kjæledyrdumping her i fylket. I juni fann tre søstrer to kattungekull med cirka to vekers mellomrom.

- Attpåtil fann dei kulla på same plass; på Svidalsneset i Jølster. Det er veldig påfallande at to kull vart funne på same stad på så kort tid.

Kull nummer ein var berre ei veke gamle då dei vart funne - oppå ei flatklemt pappeske. Då var dei våte, skitne, veldig tynne og hadde augnebetennelse.

- Når dei er så små treng dei mat kvar tredje time, og dei ville ikkje hatt ein sjanse til å overleve viss dei ikkje hadde vorte funne nett denne dagen. Legg ein godviljen til kan ein seie at mora kanskje flytta kattungane hit, men ho har ikkje fødd der, for eska hadde ikkje blodspor. Uansett er det tragisk for ei kattemor å måtte føde og oppfostre kattungar ute, seier Astor.

- Er Svidalsneset i ferd med å bli ein ny kjæledyr-dumpeplass?

- Eg håper ikkje det. Vi finn vel omtrent like mange katter i heile fylket, men får mest førespurnadar frå Førde-området, Fjaler og Høyanger.

Astor er ikkje i tvil om at kull nummer to vart dumpa.

- For dei var tamme då dei vart funne. Då var dei omtrent fem veker gamle, og fyldige, men hadde kraftig diaré.

Søstrene, som til saman fann ni kattungar, vil vere anonyme.

Rekordmange dumpar

I løpet av dei siste 20 åra var det i 2012 og 2013 Dyrebeskyttelsen fann flest dumpa kjæledyr på landsbasis. Det gjeldt óg for Sogn og Fjordane.

- 2014 ser dessverre ut til å bli eit nytt rekordår, og det tykkjer eg er veldig pinleg. Berre her i fylket har vi hittil funne 25- 30 kattungar. Det er mykje til å vere så tidleg i kattunge-sesongen, som varer til utpå hausten, seier Astor.

Ifølgje Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen Norge tok lokalavdelingane deira inn 4021 dyr i 2012. Av desse var 87 prosent kattar.

- Vi har ikkje rokke å få oversikt over 2013 enno, fordi dei frivilige har vore for opptekne med å ta seg av dyr til å sende inn statistikk. Likevel kan eg absolutt seie at 2013 også var eit rekordår, seier ho.

Veit du noko?

Astor påpeiker at det er straffbart å dumpe husdyr i naturen.

– Kjem ein over dyr eller menneske som treng hjelp, er ein i tillegg lovpålagd å hjelpe desse.

Astor etterlyser folk som meiner dei kan ha sett noko til dumpinga av kattungane på Svidalsneset.

- I tilfelle vil vi gjerne ha tips. Denne saka vert jobba vidare med.

Kattemora kom ikkje

Dei tre søstrene tok seg av alle dei ni kattungane den første viktige tida etter at dei fann dei. Ei søster har framleis kull nummer éin, medan kull nummer to har fått ny fosterfamilie.

- Søstrene fekk kattene friske og har vore heilt eineståande. Dessverre døydde éin unge i kull nummer ein fordi den var for svak, seier ho.

Dyrebeskyttelsen hjelpte søstrene med å setje opp ei kattefelle med freistande mat der dei fann kull éin. Formålet var å gjenforene kattefamilien i tilfelle mora kom forbi.

- Men ho kom aldri. Slike feller er sjølvsagt ikkje skadelege. Ein kveld ein av søstrene styrte med denne fella, høyrte ho mjauing. Plutseleg kom fire kattungar løpande mot ho, og slik vart kull nummer to funne.

- Må få høgare status

Astor seier ho merkar at hundar har ein heilt anna og høgare verdi i Norge enn katter.

- Sjølv om det er altfor mange katter i landet vårt, må katten få den same statusen. Ein ser til dømes aldri hundar føde ute, ei heller hundekoloniar. Vert ein hund funnen på luftetur åleine, finn ein nesten alltid eigaren. Dessverre er det heilt motsett når det gjeld katt.

Artikkeltags