To jordskjelv på Vestlandet

Artikkelen er over 8 år gammel

Folk i Sogn og Fjordane merka det andre skjelvet, med episenter på Voss.

DEL

Institutt for Geovitenskap ved Universitetet i Bergen fekk i morges informasjon om eit jordskjelv i Øygarden-forkastninga sørvest for Fedje, og nord for Bergen klokka 07.05 i dag. Skjelvet hadde ein styrke på 3,2 på Richters skala, opplyser jordskjelvekspert Kuvvet Atakan.

Laurdag ettermiddag har Firda fått meldingar frå folk i Førde- og Eikefjord-området, som merka eit jordskjelv. Dette siste skjelvet klokka 12.05 hadde episenter på Voss i Hordaland, og vart målt til 3,3 på Richters skala.

Det var fleire som merka dette skjelvet, truleg både fordi episenteret låg nær tettbygd strøk, og på grunn av tidspunktet på dagen og at ein del var klar over skjelvet i bergensområdet tidlegare på dagen, opplyser Atakan til Firda.

Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk har 33 seismiske stasjonar plassert i Norge og på dei norske arktiske øyene.

Truleg ikkje samanheng

- Har skjelva nokon samanheng?

- I dette tilfellet er det nok adskilte skjelv, utan nokon samanheng. Jordskorpa i regionen har sikkert komme på eit nivå der spenninga er høgt, og svakheitssoner kan bryte av i form av jordskjelv, seier Atakan.

- Kan ein rekne med at det kjem fleire?

- Det er litt tidleg å seie. Det er truleg einskildhendingar, men vi følgjer med. Det er ikkje nytt at sørvestlandet er utsett for jordskjelv. Vi har relativt høg aktivitet, men det er spesielt at det skjer same dag. Derfor følgjer vi ekstra med, seier Kuvvet Atakan, som har registrert rapportar frå folk i mellom anna Bergen, Voss, Førde og Høyanger som har lagt merke til skjelva.

Merkar ofte ikkje skjelva

Ifølgje jordskjelveksperten ligg ofte skjelva her i området på under 3 på Richters skala, og vert gjerne ikkje merka av menneske.

- Vi har registrert 4,5 på Bømlo på Stord, men ut over det har vi ikkje regisrtert sterke jordskjelv i kjend tid på Vestlandet.

Dersom du kjende skjelvet, er jordskjelvekspertane interessert i å få opplysningar her.

Artikkeltags